Frederick Reines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederick Reines
Frederick Reines.jpg
Frederick Reines
Fødd 16. mars 1918
Paterson i New Jersey
Død 26. august 1998 (80 år)
Statsborgarskap Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Case Western Reserve University
Kjend for Nøytrinoar
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1995)

Frederick Reines (16. mars 191826. august 1998) var ein amerikansk fysikar. Reines mottok Nobelprisen i fysikk i 1995 for påvisinga av nøytrinoar. Han delte prisen med landsmannen Martin Lewis Perl.

Reines tok ein Master of Science i fysikk i 1941 og tok seinare ein doktorgrad i fysikk ved New York University i 1944. Han byrja å jobbe ved Los Alamos Scientific Laboratory under leiing av Richard Feynman og deltok i Manhattanprosjektet for å produsere den første atombomba.

Hypotesen om eksistensen til nøytrinoet er frå 1930-talet. Nøytrino «oppstod» som ein hypotetisk partikkel i eit brev frå 1930 av Wolfgang Pauli (Nobelprisen i 1945). På den tida var det kjend at mange atomkjerner enda sine liv ved å sende ut eit elektron. Denne prosessen, som vert kalla betahenfall, gav forskarane mykje hovudbry, mellom anna ved at dei heilage lovene i fysikken – energiprinsippet – ikkje syntes å gjelde. For å gjenoppretta orden i lovboka til fysikken kom Pauli med det han kalla ei «desperat løysing» – kjernen sendte ikkje ut elektronet aleine. Den vart følgd av ein annan småpartikkel, som ikkje hadde elektrisk ladning og reagerte særs lite med sine omgjevnader. Den vesle partikkelen, som etter kvart fekk namnet nøytrino, tok ein del av energien med seg og forsvann sporlaust i det tomme inkje. Energibalansen vart som forventa, berre ein tok omsyn til den delen som nøytrinoet hadde tatt med seg.

Det drygde enno heilt til 1956 før Reines og hans kollega Clyde L. Cowan lukkast med å påvise eksistensen tli nøytrinoet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]