Frederik Baltazar Fraas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den andre stortingsrepresentanten med same namn, sjå Frederik Fraas.

Frederik Baltazar Fraas (22. oktober 18493. september 1913) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann, fødd i Hafslo i Sogn. Han representerte Nordre Bergenhus amtStortinget 1892-1900.

Fraas var son til brukaren av garden Bjørnetun i Hafslo. Han var i nokre år handelsmann før han tok over farsgarden, eit bruk han få år seinare makeskifta mot garden Hillestad, som også ligg i Hafslo. I 1898 fekk han stilling som underkontrollør ved brennevins- og malttilverkingaHamar. Han selde Hillestad-garden i 1900 og årewt etter kjøpte han og dreiv storgarden Onsrud i Ullensaker. Ti år seinare kjøpte han ein annan storgard, Hovin i dåverande Østre Aker, der han døydde allereie i 1913.

Fraas representerte Nordre Bergenhus amt på Stortinget i tre etterfylgjande valperiodar, 1892-94, 1895-97 og 1898-1900, heile tida med sete i Tollkomiteen. Han sokna visstnok til Moderate Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]