Frederik Fraas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den andre stortingsrepresentanten med same namn, sjå Frederik Baltazar Fraas.

Frederik Baltazar Fraas (27. august 185620. mai 1924) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Hafslo i Sogn. Han representerte Nordre Bergenhus amt og Moderate VenstreStortinget 1903-05.

Fraas tok over farsgarden Sjøtun i Solvorn. «Garden hadde i mange år vore ringt styrt, og det var eit tungt tak for unge Fraas å få skikk på gardsdrifta. Det varde (..) ikkje så lenge før han hadde rudt opp garden, flytta og bygd nye tidhøvelege hus og planta og fått til ein gild frukthage, (..) eit mønsterbruk.»

Frå 1884 til 1913 var Fraas medlem i heradsstyret i Hafslo. Han var med i styret for Hafslo Sparebank frå 1887 til 1924, dei siste tolv åra som formann. Dessutan var han med i landbruksskulestyret i fylket, og ein av leiarane i lekmannsrørsla i Sogn. Valperioden 1903-06 møtte han på Stortinget, der han var medlem i Landbrukskomiteen. «Fraas var ein uvanleg dugande styresmann... Han tenkte før han gjekk i veg.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]