Frederik Heidmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Heidmann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juli 1777
Skogn
Død

17. oktober 1850 (73 år)
Stange kommune

Yrke politikar, offiser, Fylkesmann
Språk norsk
Mor Dorothea Mathea Sommerschield
Frederik Heidmann på Commons

Frederik Hartvig Johan Heidmann (27. juli 177717. oktober 1850) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Heidmann var fødd i Skogn i Nord-Trøndelag. Han var son av ein offiser i trondhjemske infanteriregiment. År 1795 vart han sjølv sekondløytnant i trondhjemske dragonkorps, 1803 premierløytnant og frå 1811 titulert rittmeister. Då armeen vart omorganisert i 1818 vart han sjef for Skognske eskadron.

I 1814 var Heidmann utsending frå dragonkorpset til riksforsamlingaEidsvoll. Han var då med i deputasjonen som møtte kongen den 17. mai. Sidan var han stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt i 1818, 1821 og på det overordentlege storting 1822. I 1818 var han med i ti komitear, mellom dei konstitusjonskomiteen og om smålenssaka. År 1821 var han både president og visepresident i Odelstinget, i 1822 visepresident. Han var i 1821 med i 20 komitear, mellom dei om matrikkellova og om Bodøsaka.

På stortinget 1827 og overordentleg storting 1828 representerte han Hedmark. Han var begge gongane medlem av Lagtinget. I 1827 var han formann i militærkomiteen og medlem av komiteen om kjøpstad i Oplandene. På same tinget var han medlem av riksretten. På det overordentlege storting 1828 var han formann i reglementskomiteen.

1821 vart Heidmann amtmann i Hedemarkens amt, eit embete som han styrte til 1849. I 1825 var han med i ein kongeleg kommisjon om kjøpstad i Oplandene (Oppland og Hedmark). Heidmannsgate i Hamar er oppkalla etter han, til minne om innsatsen hans for å gje Hamar bystatus på ny. Heidmann døydde på garden sin i Stange i 1850, og vart gravlagd på Ottestad kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]