Frederik Messel Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frederik Messel Olsen (5. oktober 181424. april 1863) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Oslo, stortingsmann frå Drammen 1854 og 1862-63.

Far til Olsen var bordskrivar. Sjølv vart han student 1830 frå Møllers institutt i heimbyen og der etter cand.filos. i 1836. Han underviste ved Møllers institutt 1830-37 og var lærar ved Drammens lærde skole 1837-39. Åra 1840-46 var han adjunkt ved Christiania katedralskole, til han vart styrar og overlærar ved Drammens skole, ei stilling han hadde til han døydde.

I Drammen var Olsen medlem av bystyret i mange år, ordførar 1851 og 1859, varaordførar 1849-50, 1852, 1857 og 1860. Han var i 1859 med i ein kongeleg kommisjon om «de lærde skoler».

Olsen representerte Drammen på Stortinget i 1854 og på ny 1862-63. I 1854 var han medlem Kyrkjekomiteen og Komiteen om stortingsbygningen, i 1862-63 med i Lagtinget og formann i Kyrkjekomite nr 2. Olsen, som var ugift, døydde 48 år gammal heime i Drammen, seks dagar etter han vart permittert frå Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]