Frederik Beichmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Beichmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1783
Død

26. oktober 1855 (71 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Frederik Waldemar Nikolai Beichmann (6. november 178326. oktober 1855) var ein norsk offiser og stortingsmann.

Beichmann var fødd i Stange, far hans var offiser. Sjølv vart han fenrik ved det norske jegerkorps i 1801, sekondløytnant i 1803. År 1806 vart han premierløytnant i 1. akershusiske brigade. Fem år seinare, 1811, vart han kaptein i bergenske skarpskytterbataljon. I 1829 utnemnd til sjef for bergenske gevorbne musketerkorpps. Etter fem år vart han sjef for eit anna musketerkorps, namnleg sunnhordlandske musketerkorps. Han budde då i Kvinnherad, men flytta til Kristiansand då han i 1841 tok leiinga i musketerkorpset der. Oberst og sjef for kristiansandske brigade i 1843, fekk tittel av generalmajor i 1850.

Beichmann var stortingsmann for Søndre Bergenhus amt i 1836 og på overordentleg storting 1836-37. Han var medlem av Lagtinget, militærkomiteen og av riksretten mot Severin Løvenskiold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]