Fredric Holen Bjørdal
Fredric Holen Bjørdal | |
![]() | |
Fødd | 9. mars 1990 (30 år) Volda |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Fredric Holen Bjørdal (fødd 9. mars 1990) er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd og oppvaksen i Ørsta. Han er stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal sidan 2013.
Bjørdal har studert psykologi både ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Oslo. I tillegg har han studert planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Han arbeidde som miljøterapeut i BUFetat region Midt-Norge fram til han vart vald inn på Stortinget. Tidlegare har han vore miljøarbeider i Ørsta kommune og i Trondheim kommune.
Bjørdal var leiar av AUF i Møre og Romsdal 2009-10, og deretter sentralstyremedlem i AUF dei to neste åra. Den 22. juli 2011 var han til stades på Utøya i Tyrifjorden då Anders Behring Breivik drap 68 personar.
Under nominasjonen til Møre og Romsdal Arbeidarparti vinteren 2012 fekk han andreplassen på stortingslista, og var dermed rimeleg trygg på å verte vald inn på Tinget. I stortingsperioden 2013-17 var han den yngste stortingsrepresentanten. Han er den fyrste frå Ørsta kommune som har teke sete på Stortinget sidan Peter Kjeldseth Moe slutta si stortingsgjerning i 1973.
Bjørdal er son til ein industriarbeidar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fredric Holen Bjørdal» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2013.