Fredrik Bjørkan
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Posisjon | Venstreback | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bodø/Glimt | ||
| Nummer | 15 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2013–2015 | Bodø/Glimt | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2015–2021 | Bodø/Glimt | 121 | (8) |
| 2022 | Hertha BSC | 8 | (0) |
| 2022 | → Feyenoord (lån) | 1 | (0) |
| 2023– | Bodø/Glimt | 82 | (9) |
| Landslag‡ | |||
| 2016 | Noreg U18 | 8 | (0) |
| 2019–2020 | Noreg U21 | 11 | (0) |
| 2021– | Noreg | 19 | (1) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2026 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. april 2026 | |||
Fredrik André Bjørkan (fødd 21. august 1998) er ein norsk fotballspelar frå Bodø. Han er venstreback i Bodø/Glimt sitt sigerrike mannskap. Bjørkan har sidan 2021 vore med i 19 av Noregs landskampar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Bjørkan fekk i 2016 sin debut med Bodø/Glimt, eit lag som i 2017 spelte på nivå 2. Etter opprykk til eliteserien fekk han i 2019 fast plass i Bodø/Glimt si startoppstilling, og var med på å vinne sølv i serien 2019 og verte seriemeister i 2020 og 2021. I januar 2022 vart han overført til tyske Hertha Berlin. I Hertha fekk han lite speletid, så frå september 2022 var han knytt til nederlandske Feyenoord. Hert sat han på reservebenken til han i januar 2023 vende tilbake til Bodø/Glimt. Med moderklubben vart han seriemeister i 2023 og 2024.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]6. juni 2021 var Bjørkan innbytar då Noreg tapte mot Hellas i spanske Malaga. Sidan har han vore inn og mest ut av startellevaren til det norske landslaget. I kvalifiseringa til Fotball-VM 2026 var han innbytar i to av kampane. Han skåra sitt einaste landslagsmål den 7. september 2023 då Jordan måtte tåle 0–6 på Ullevål stadion.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 2020, 2021, 2023 og 2024 med Bodø/Glimt
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Fredrik André Bjørkan» frå Wikipedia på tysk, den 26. april 2026.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |