Fredrik Enge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Enge
Fødd 22. august 1864
Andebu
Død

1957

Yrke politikar, bonde

Fredrik Enge (22. august 18641957) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant frå Andebu i Vestfold. Han representerte Venstre.

Enge var son til ein gardbrukar i Kodal i Andebu. Skulevinteren 1882/83 gjekk han på Christopher Bruun sin folkehøgskule på Vonheim i Gausdal. Frå 1891 var han gardbrukar på farsgarden. Deretter var han lensmann i Sandeherred frå 1907 til 1935.

Enge var medlem av heradsstyret i Andebu 1892-1940 og på ny i 1945, ordførar 1897-1907 og varaordførar 1934-37. Han hadde ei rad kommunale verv, både i herad og amt/fylke. Ei tid var han nestformann i Det Norske Totalavholdsselskap. Hausten 1912 vart Enge fyrste gongen vald inn på Stortinget for einmannskrinsen Sandeherred. På tinget var han medlem i budsjettkomiteen 1913-15, sekretær i same 1916-18.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]