Fredrik Grønningsæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik Grønningsæter
Fødd 26. mai 1923
Stranda
Død

28. april 2016
Oslo

Fredrik Grønningsæter (26. mai 192328. april 2016) [1] var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme frå 1982 til 1992.

Fredrik Grønningsæter var fødd i StrandaSunnmøre) som son av Fredrik og Katharina (fødd Ottesen) Grønningsæter. Han vart cand.theol. ved Det teologiske menighetsfakultet, Oslo. i 1951. 21. oktober same året blevart han ordinert av biskop Johannes Smemo til teneste i Norges KFUM.

Han har sidan blant anna gjort teneste som hjelpeprest ved Nidarosdomen (frå 1957), sokneprest i Gimsøy i Lofoten (frå 1962) og Oslo domkyrkje (frå 1972).

Grønningsæter var formann i Presteforeningen frå 1972 til 1976. Han vart utnemnd til biskop i Sør-Hålogaland i 1982, og gjekk av som biskop i 1992. I 1983 var han den første mottakeren av Brobyggerprisen, ein pris som vert delt ut av Norske kirkeakademier.

Fredrik Grønningsæter profilerte seg på fleire måtar som ein høgkyrkjeleg biskop. Til dømes var han den fyrste statskyrkjebiskopen i nyare tid som brukte bispestav.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Grønningsæter er far til Arne Grønningsæter, leiar i Oslo bispedømmeråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.