Fredrik Haslund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Haslund
Fødd 27. februar 1899
Rygge, Moss
Død

30. desember 1961
Oslo

Fredrik Haslund (fødd (1899, død 1962) var aktiv i arbeidarrørsla, arbeidarparti-mann og sekretær i arbeidarpartiets Stortinggruppe. Han er særleg kjend for under den tyske invasjonen av Noreg i april 1940 å ha leidd den såkalte Gulltransporten som brakte Noregs gullreservar i tryggleik i Storbritannia.

Haslund var utdanna ingeniør i Tyskland. Rett etter avslutta eksamen vende han i 1921 tilbake til Noreg med langt framskredet tuberkulose. Under Den spanske borgarkrigen var han aktiv i Den norske hjelpekomiteen for Spania. Han var saman med Karl Evang, Albert Raaen og Neimi Lagerstraum Spaniakomiteens representant under arbeidet med skipinga av Norsk Folkehjelp i 1939. Han var òg kontorsjef i Tiden Norsk Forlag. I 1937 vart han sekretær i Arbeidarpartiets Stortinggruppe.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940 følgde Haslund med stortingmedlemmane under evakueringen til Elverum. Etter at Elverumsfullmakta vart vedteke og Stortinget oppløyst, valde han å følgja med kongen, kronprinsen og regjeringa vidare som sjåfør og ordonnans. Den 17. april vart han av finansminister Oscar Torp utpeikt til å leia evakueringen av Noregs gullbeholdning til Storbritannia. Gullreservane var då allereie brakt i mellombels tryggleik i Noregs banks lokale på Lillehammer.[1] At ein faktisk lukkast med å bringa gullet til Storbritannia må i stor grad tilskrives Haslunds handlekraft og evna til å improvisera.

Gullet vart frakta med tog til Åndalsnes, der Haslund møtte si syster, Nini Haslund Gleditsch og hennes mann Kristian Gleditsch. Begge følgde med gulltransporten vidare til Tromsø, Kristian Gleditsch som etterkvart vart Haslunds nestkommanderande.

Den 20. mai 1940 følgde Haslund med dei siste 18 tonn gull over til Storbritannia ombord i kryssaren HMS «Enterprise».

Då det seinare same sommar vart vedteke å bringa gullreservane vidare til USA, stod Haslund saman med Ole Colbjørnsen for planlegginga av transporten i samarbeide med Bank of England. Den 15. junien følgde han delar av gullbeholdningen over Atlanterhavet, ombord på MS «Bomma». Skipet kom Baltimore den 28. juni.

Etter å ha følgt gullet til Federal Reserve Bank of New York og Bank of Canada i Ottawa og avgitt rapport til norske styresmakter, vart Haslund verande i USA. Under resten av krigen leidde han velferdsarbeidet for norske sjømenn i USA. I 1947 vart han velferdssjef for den norske handelsflåten.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nini og Kristian Gleditsch: Glimt frå kampårene, Dreyer, 1954
  • Nini Haslund Gleditsch: Vær utålmodig, menneske’’, Gyldendal, Oslo, 1980
  • Asbjørn Øksendal: Gulltransporten, Aschehoug, Oslo, 1974
  • Per Arnt Harnes: Gulltransporten – dramaet dag for dag, Romsdal sogelag, 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gulltransporten 9. april 1940. 1974. ISBN 82-03-06336-5.