Fredrik Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Haugen
Fredrik Haugen 2017.jpg
Personleg informasjon
Fødd 13. juni 1992 (30 år)
Fødestad Bergen
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 8
Ungdomsklubbar
-2008 Noreg Løv-Ham
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009-2010
2011-
Noreg Løv-Ham
Noreg Brann
43 (11)
25 (2) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. februar 2012

Fredrik Haugen (fødd 13. juni 1992) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann i Eliteserien (2020).

Frå 2011 spelte han for Brann. Han har hatt fleire landskampar for Noreg på aldersbestemte landslag. Før han gjekk til Brann, hadde han spelt heile karrieren i Løv-Ham.

Haugen blei henta opp i A-lagsstallen til Løv-Ham før 2009-sesongen, saman med Kevin Dure. Han debuterte som innbytar mot Sogndal 26. april og skåra det første målet sitt i 16. mai-kampen mot Sarpsborg 08, som Løv-Ham vann 4–1. I løpet av sesongen fekk han ei rekke kampar for klubben, særleg fordi Erlend Storesund var ute med skade. Mot slutten av sesongen blei Haugen tildelt Kniksen-stipendet på kroner 10 000. Stipendet er oppkalla etter Roald «Kniksen» Jensen og blir delt ut kvart år til eit lokalt talent.[2]

Då Løv-Ham slo Start 14–13 på straffer på bortebane i tredje runde av cupen, var det Haugen som skåra på den siste og avgjerande straffa for Løv-Ham.[3] Han spelte også delar av kampen med armbrot.[4]

I løpet av 2009-sesongen trente Haugen også med Brann som ein del av samarbeidet mellom Løv-Ham og Brann.[5] Vinteren 2010 var han med på Brann sin treningsleir på La Manga og spelte der fleire treningskampar for klubben.[6]

I august 2010 signerte han ein kontrakt med Brann som går ut 2013-sesongen, men han fullførte sesongen i Løv-Ham.[7] Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i opningskampen i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han spelte frå start første gong 10. juni 2011, heime mot Sogndal og skåra det første tippeligamålet sitt i ein bortekamp mot Odd Grenland 31. juli same året.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. Hermod Hove (18. oktober 2009). «Haugen fikk Kniksen-stipend». ba.no. Henta 20. oktober 2009. 
  3. Pål Wollebæk Jørgensen (18. juni 2009). «17-åring ble cuphelt». Arkivert frå originalen 2009-06-21. Henta 8. juli 2009. 
  4. Ove Jacobsen (19. juni 2009). «Spilte med armbrudd». bt.no. Henta 8. juli 2009. 
  5. Roar Lyngøy (17. september 2009). «U-landslagsspiller trener med Brann». bt.no. Arkivert frå originalen 2009-09-22. Henta 2. oktober 2009. 
  6. Roar Lyngøy (19. februar 2010). «Brann avsluttet med sju lokale». bt.no. Henta 23. februar 2010. 
  7. brann.no Haugen blir Brann-spiller, arkivert frå originalen 2010-09-07, henta 19. mars 2011 
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.