Fredrik Hope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fredrik Hope (fødd 12. oktober 1993) er ein norsk målmann og felespelar frå Hyen i Gloppen. Våren 2014 vart han økonomiansvarleg i sentralstyret[1], etter å ha vore leiar i Studentmållaget i Bergen.[1][2] Tidlegare har han vore aktiv i Firda Mållungdom og Skibladner Målungdom. Til vanleg studerer han retorikk ved Universitetet i Oslo.

Utanom målsaka, er Hope elles ein driven felespelar. Han har vore aktiv i Folkemusikklaget, Hyen Spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom og Gloppen hardingfelelag.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sentralstyret. Norsk Målungdom. Vitja 5. februar 2015.
  2. Tonheim, Aleksander Nygård (24. september 2013), «Spreiar Nynorsk i Bergen», Studentradioen i Bergen, http://srib.no/2013/09/24/spreiar-nynorsk-i-bergen/, henta 4. februar 2015 
  3. Hind, Erle (6. september 2012), «Fredrik Hope sine folkemusikkfavorittar - frå Nordfjord til Nord-Noreg», Sogn og Fjordane Fylkeskommune Fylkesarkiv, http://www.fylkesarkiv.no/en/node/12903, henta 4. februar 2015 
  4. Vinnar av vervekampanjen: Fredrik Hope. Folkemusikklaget. Vitja 5. februar 2015.