Fredrik I av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik I
Georg Engelhardt Schröder - Fredrik I, King of Sweden 1720-1751 - Google Art Project.jpg
Fredrik I måla av Georg Engelhardt Schröder
Konge av Sverige
Regjeringstid1720-1751
Fødd17. apriljul./ 27. april 1676greg.
FødestadKassel
Død25. marsjul./ 5. april 1751greg. (75 år)
DødsstadStockholm
GravlagdRiddarholmskyrkan
FøregjengarUlrika Eleonora av Sverige
EtterfølgjarAdolf Fredrik
Gift medLouise av Preussen
Ulrika Eleonora av Sverige
DynastiHuset Hessen-Kassel
MottoIn Deo spes mea (I Gud mitt hopp)
FarKarl I av Hessen-Kassel
MorAmalia av Kurland

Fredrik I av Sverige, Fredrik av Hessen, (17. apriljul./ 27. april 1676greg. i Kassel– 25. marsjul./ 5. april 1751greg. i Stockholm[1]) var konge av Sverige frå 1720 til han døydde og greve av Hessen-Kassel.

Fredrik vart fyrst gift med søskenbarnet Louise Dorotea Sofia, dotter av kong Fredrik I av Preussen og Elisabet Henriette av Hessen-Kassel. Dei fekk inga born. Ho døydde i 1705.[2]

Under den spanske arvefølgjekrigen kjempa han som generalNederland si side. I 1710 starta han ekteskapforhandlingar med den svenske prinsessa Ulrika Eleonora og etter at ho og broren Karl XII hadde akseptert, gifta dei seg i 1715.[1]

Fredrik deltok i Den store nordiske krigen på felttoga mot Noreg i både 1716 og 1718 og blei utnemnt til svensk generalissimus. Etter at Karl XII var blitt drepen ved Fredriksten festning i 1718 og Ulrika Eleonora etterfølgde han som regjerande dronning, ville ho ha mannen til medregent, noko Riksdagen sa nei til. Til slutt abdiserte Ulrika Eleonora til fordel for ektefellen og Fredrik blei krona til konge i Stockholm 3. mai 1720.[1]

Fredrik og Ulrika Eleonora fekk inga born saman, men Fredrik hadde fleire born med elskarinna Hedvig Taube. Fredrik vart derfor den einaste hessiske kongen av Sverige, og då han døydde blei Adolf Fredrik, fyrstebiskop av Lübeck, vald til ny konge.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fredrik I i Nordisk familjebok
  2. Lovisa Dorotea i Nordisk familjebok
  3. Adolf Fredrik i Nordisk familjebok