Fredrik Nyberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Nyberg
Fødd 23. mars 1969
Sundsvalls kommun
Yrke alpinist

Fredrik Nyberg (fødd 23. mars 1969) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Skön i Sundsvall i Västernorrlands län som vann sju renn i verdscupen i alpine greiner i tida 1990-2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nyberg debuterte i verdscupen i alpine greiner i desember 1988. Den 5. mars 1990 tok han i Veysonnaz den fyrste av seks verdscup-sigrar i storslalåm. Fire månader seinare, i byrjinga av juli månad vann han opningrennet i verdscupsesongen 1990/91. Rennet fann stad i Mount Hutt i New Zealand.

Han deltok i fem olympiske vinterleikar, 1992-2006, der hans beste resultat var femteplassen i storslalåm i Vinter-OL 2006 i Torino. Også frå dei alpine verdsmeisterskapane reiste han medaljelaus heim, nærast var han under VM i alpine greiner 1999 i Vail i delstaten Colorado der han vart nummer fire i storslalåm.

I nettopp Vail tok Nyberg sin einaste verdscupsiger i super-G den 3. desember, fire år etter han sist stod på toppen av sigerspallen. Eitt år seinare vann han i Kranjska Gora sin sjuande og siste verdscupsiger i eit storslalåmrenn, åtte sesongar etter sin fyrste siger på staden.

I november 2006 pådrog Nyberg seg store skadar i høgre kne etter eit fall under trening i Reiteralm, noko som førte til mista VM på heimebane og at han la opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar