Fredrik Reinfeldt
Fredrik Reinfeldt | |
![]() | |
Fødd | 4. august 1965 (55 år) Haninge kommun |
---|---|
Statsborgar av | Sverige |
Parti | Moderata samlingspartiet |
Yrke | politikar, samfunnsøkonom |
Utdanna ved | Stockholms universitet |
Mor | Birgitta Reinfeldt |
Far | Bruno Reinfeldt |
Ektefelle | Filippa Reinfeldt |
Barn | Gustav Reinfeldt, Erik Reinfeldt, Ebba Reinfeldt |
Verv | Statsminister i Sverige 2006-2014 |
John Fredrik Reinfeldt (fødd 4. august 1965 i Haninge i Sverige) er ein svensk politikar og leiar for det liberal-konservative Moderata samlingspartiet sidan 2003. Etter at høgresida og Allians för Sverige fekk fleirtal i riksdagsvalet 2006, var han statsminister i Sverige frå 6. oktober 2006 til 3. oktober 2014, då Stefan Löfven tok over.
Reinfeldt vart med i Moderata ungdomsförbundet i 1983, og vart leiar i 1992. Han hadde dette vervet fram til 1995. Han har vore riksdagsmedlem sidan 1991, som representant for valkrinsen på heimstaden. Etter nederlaget i 1994 for den moderaterna-leidde koalisjonsregjeringa, utvikla Reinfeldt ei kritisk haldning til partileiarskapen under Carl Bildt, noko som førte til at han vart utstøytt i partiet. Men etter eit leiarskifte i 1999 og eit dårleg resultat i riksdagsvalet 2002, fekk Reinfeldt gradvis meir innflytnad i Moderata samlingspartiet.
Reinfeldt vart vald til partileiar 25. oktober 2003, og etterfølgde Bo Lundgren. Under hans leiarskap har politikken i moderaterna gått meir i retning av sentrum, og det har kalla seg sjølv «Nya moderaterna». Etter riksdagsvalet 2006, som vart halde 17. september 2006, vart Reinfeldt vald til statsminister i den nye regjeringa den 5. oktober, og presenterte regjeringsmedlemmene dagen etter. Saman med dei tre andre partia i sentrum-høgre-alliansen, leidde Reinfeldt ei koalisjonsregjering som hadde støtte av eit lite fleirtal i Riksdagen. Som 41-åring var han den tredje yngste personen som har vorte statsminister i Sverige, etter Robert Themptander og Rickard Sandler.
Han er busett i Täby nord for Stockholm og gift med Filippa, som er landstingsråd (m) i Stockholms län. Paret har tre ungar.