Fredrik Schiørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Schiørn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1830
Skedsmo kommune
Død

13. desember 1908 (78 år)
Tønsberg

Yrke politikar, prest
Språk norsk

Fredrik Sigismund Schiørn (15. august 183013. desember 1908) var ein norsk prest og stortingsmann frå Skedsmo.

Schiørn var son til ein offiser. Han vart student i 1848 og cand. theol. i 1854. Deretter var han lærar på Kongsberg og privatlærar i Rødenes, frå 1859 personalkapellan i Balestrand. Frå 1868 til 1883 var han sokneprest i Varteig, sidan var han sokneprest i Våle i Vestfold. Også medlem av forlikskommisjonen i Våle frå 1889.

Schiørn representerte SarpsborgStortinget 1880-82 og 1883-85. I begge periodane var han medlem av protokollkomiteen. Han slutta seg til Høgre då dette partiet vart skipa i 1884.

Schiørn døydde i Tønsberg i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]