Fredrik Stang d.y.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Stang d.y.
Fredrik Stang d.y.jpg
Fødd 27. desember 1867

Christiania

Død 15. november 1941
Christiania
Parti Høgre

Fredrik Stang (d.y.) (27. desember 186715. november 1941), fødd i Christiania, død i Oslo, var ein norsk politikar frå Høgre og jurist. Han var son til tidlegare statsminister Emil Stang og Adelaide Pauline Berg. Han var barnebarn til Frederik Stang og bror til journalist og høgrepolitikar Augusta Stang og bror til høgsterettsjustitiarius Emil Stang d.y., den tidlegare Arbeiderparti- og NKP-politikaren.

Grava til Fredrik Stang d.y. og Nini Stang på Vestre gravlund i Oslo

Fredrik Stang blei i 1890 cand. jur., var 1890-1892 advokatfullmektig i Oslo og hadde 1893-1894 utanlandsstudiar. I 1896 blei han høgsterettsadvokat og i 1897 professor i rettsvitskap. Han var frå 1906-1909 stortingsrepresentant, Høgre sin parlamentariske leiar og formann i Høgre, og 1912-1913 statsråd og sjef for Justisdepartementet (justisminister) i Jens Bratlie si regjering. Han blei i 1918 dr. jur.. Frå 1921 til 1927 var han rektor ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 25. mai 1918 til 31. desember 1918 og igjen frå 8. februar 1921, formann frå 2. oktober 1922 til han døydde. Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i København.

Stang gifta seg 7. desember 1894 med Caroline Schweigaard (1871–1900), dotter av statsminister Christian Homann Schweigaard. Han gifta seg seinare med Margrethe Grung Andvord (1883–1961). Ekteskapet vart oppløyst, og Stang gifta seg ein tredje gong – med Nini Augusta Wedel-Jarlsberg. Fredrik Stang var far til språkforskaren Christian Schweigaard Stang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]