Fredrik Vilhelm II av Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Vilhelm II
1797 Frisch Friedrich Wilhelm II. von Preussen anagoria.JPG
Konge av Preussen
Regjeringstid1786-1797
tyskFriedrich Wilhelm II
Fødd25. september 1744
FødestadBerlin
Død16. november 1797 (53 år)
DødsstadPotsdam
GravstadBerliner Dom
FøregangarFredrik II
EtterfølgjarFredrik Vilhelm III
Gift medElisabeth Christine Ulrike von Braunschweig-Wolfenbüttel, Friederike Luise von Hessen-Darmstadt, Julie von Voss, Sophie von Dönhoff
DynastiHohenzollern
FarAugust Vilhelm, sønn av Fredrik Vilhelm I
MorLuise av Braunschweig-Wolfenbüttel
BornWilhelmine av Preussen, Friederike von Preußen, Friedrich Wilhelm III., Friedrich Ludwig Karl von Preußen, Auguste von Preußen, Wilhelm von Preußen, Marianne von der Mark, Alexander von der Mark, Friedrich Wilhelm Graf von Brandenburg, Julie von Brandenburg, Heinrich von Preußen, Gustav Adolf Wilhelm von Ingenheim, Friederike Christine Amalie Wilhelmine Prinzessin von Preußen, stillborn son von Hohenzollern, unnamed daughter von Hohenzollern, Ulrike Sophie von Berckholzen, Christiane Sophie Friederike von Lutzenburg, Alexander Graf von der Marck

Fredrik Vilhelm II av Preussen (25. september 174416. november 1797) var konge av Preussen frå 1786. Han tok over trona etter farbroren sin, Fredrik II, som var kjend som Fredrik den store.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Vilhelm II var son av Fredrik II sin bror August Vilhelm av Preussen og kona hans Lovisa Amalia av Braunschweig-Wolfenbüttel. Han var soneson av Fredrik Vilhelm I.

Konge[endre | endre wikiteksten]

I 1758 blei Fredrik Vilhelm tronfølgjar som «prins av Preussen», og i 1786 kom han på trona. Han hadde sterke estetiske interesser.

Då krigen mot Frankrike i 1792 viste seg mindre framgangsrikt, slutta Preussen i 1795 separatfred med Frankrike i Basel, og rettet i stadet interessa si mot Polen. Utanrikspolitikken hans førte til at Preussens fekk del i delinga av Polen i 1793 og 1795, og isolerte elles Preussen og sleit hardt på statsfinansane.[1]

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Vilhelm blei gift i 1765 med Elisabet Kristina av Braunschweig (1746-1840), men skilde seg frå henne allereie i 1769. Andre gongen han gifta seg var i 1769 med Fredrika Louise av Hessen-Darmstadt (1751-1805]. Med den første kona si fekk han ei dotter, og med den andre fekk han sju ungar.

Han hadde også to bigamistiske morganatiske ekteskap med Julie von Voss i 1787 og etter at ho døydde i 1789 med Sophie von Dönhoff. Med sistnemnde fekk han to barn, men dei skilde lag i 1792. Han hadde også eit langvarig forhold med Wilhelmine von Lichtenau frå 1769 til han døydde.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Med Elisabet Kristina av Braunschweig:

Med Fredrika Louise av Hessen-Darmstadt:

  1. Fredrik Vilhelm III (1770-1840), konge av Preussen fra 1797 til sin død.
  2. Christine (1772-1773).
  3. Ludvig av Preussen (1773-1796), gift 1793 med Fredrika av Mecklenburg-Strelitz .
  4. Friederike Luise Wilhelmine (1774-1837), gift 1791 med kong Vilhelm I av Nederlandene.
  5. Augusta (1780-1841), gift 1797 med Vilhelm II av Hessen-Kassel.
  6. Karl (1781-1846), ugift, død i Roma.
  7. Vilhelm av Preussen (1783-1851), gift med Maria Anna av Hessen-Homburg.

Med Julie von Voss:

Med Sophie von Dönhoff:

Med Wilhelmine von Lichtenau:

  • Ei dotter, fødd og død 10. august 1770
  • Ulrike Sophie von Berckholz – mars 1774-5. september 1774
  • Christina Sophie Frederica von Lützenberg 25.–31. august 1777
  • Grev Alexander von der Marck – 4. januar 1779-1. august 1787
  • Grevinne Marianne Diderica Frederica Wilhelmine von der Marck – 29. februar 1780-11. juni 1814

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svensk uppslagsbok, Malmö 1932

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]