Fredrik Wilhelm Wedel-Jarlsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Wilhelm Wedel-Jarlsberg

Fødd22. mai 1787
Viborg i Danmark
Død26. juli 1863 (76 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, Fylkesmann
MorUlricka Eleonore komtesse Brockdorff
FarFrederik Christian Wedel-Jarlsberg
EktefelleIngeborg Margrethe von Haffner
BarnFrederik (Fritz) Joachim Wedel Jarlsberg, Ferdinand Wedel-Jarlsberg, Finn Frederik Wilhelm baron Wedel-Jarlsberg, Hildur baronesse Wedel-Jarlsberg, Wolfgang Christian Wedel-Jarlsberg
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1818–1820)
  • fylkesmann i Telemark (1813–1838)
  • fylkesmann i Finnmark (1811–1813) Sjå dette på Wikidata

Fredrik Wilhelm Wedel-Jarlsberg (22. mai 178726. juli 1863) var ein dansk-norsk baron, amtmann og tollinspektør.

Wedel-Jarlsberg vart fødd på eit klostergods ved Næstved i Danmark, faren var offiser. Han vart sjølv offiser i 1803, deltok og vart såra under kampen mot engelskmennene i 1807 og var udyktig til vidare militærteneste.

Han vart student i 1804, og cand. jur. 1808. Arbeidde deretter eit par år i rentekammeret, før han i 1811 vart amtmann i Finmarken. I 1813 utnemnd til amtmann i Bratsberg, fekk i 1819 i tillegg amtmannsembetet for Larvik grevskap. Som amtmann i Bratsberg føretok han fleire tankelause handlingar, som viste han var heller lite skikka til embetet.

I 1818 vart han vald til Stortinget frå Larvik grevskap. Valet vart underkjent med 64 røyster mot 6, grunngjeve med at han ikkje hadde budd lenge nok i landet.

Wedel-Jarlsberg vart i 1838 tollinspektør i Larvik. Han døydde i 1863.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]