Fredrik Winsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Winsnes i Rosenborg-drakt

Fredrik Guttormsen Winsnes (fødd 28. desember 1975) er ein lækjar og tidlegare fotballspelar frå Trondheim. Han var med åtte seriemeisterskap og to cupmeisterskap med Rosenborg Ballklub i tida 1997-2005. Winsnes spelte 19 landskamper for Noreg i åra 2001-09. Midtbanespelaren var kjend som ein iherdig og flink pasningsleggjar.

Winsnes spelte lokal seriefotball med Ranheim IL til han i 1997 debuterte på Rosenborg i eliteserien. Dei neste sesongane opplevde han mykje suksess med trønderklubben. Sesongen 2002 var han Hammarby-spelar i svensk toppserie. I 2003 var han tilbake i Rosenborg og vann nye meistertitlar med laget. Hausten 2005 vart han overført til danske Aalborg BK, der han vart verande i to sesongar. Midt i 2007-sesongen gjekk ferda vidare til Strømsgodset IF og to ein halv sesong i norsk toppfotball. Winsnes avslutta fotballkarrieren med to sesongar i Rosenborg, seriemeister i 2010.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2003, 2004 og 2010 med Rosenborg
  • Cupmeister: 1999 og 2003 med Rosenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]