Fredrik Wisløff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Wisløff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1904
Død

17. september 1986 (82 år)

Yrke skribent, prest
Far Johan Martin Wisløff

Fredrik Wisløff (16. august 190417. september 1986) var ein norsk religiøs forfattar og organisasjonsmann, son av Johan Martin Wisløff.

Wisløff var fødd i Moss. Han vart utdanna cand.theol. i 1928 og underviste ved Augsburg Theological Seminary i Minneapolis 1929. Han var prest ved Trinity Lutheran Church i Brooklyn i 1930. 1931 vart han lærar ved Indremisjonsselskapets Bibelskole i Oslo, og var forstandar til skulen 1935–1946. Etter dette var han prest og reisepredikant for Indremisjonsselskapet, bortsett frå 1953–1954, då han var medredaktør i Vårt Land. Han var formann i Indremisjonsselskapet 1956–1968, men elles mest verksam som forfattar. Av dei mange andaktsbøkene hans kan nemnast Hvil eder litt (1938).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Fredrik Wisløff» i Store norske leksikon, snl.no.