Fredrikstad Mekaniske Verksted

Fredrikstad Mekaniske Verkstad (FMV), opphavleg skrive Fredriksstad Mek. Verkstad, var ein verkstad og eit skipsverft på Kråkerøy ved Vesterelva i Fredrikstad kommune. Verkstaden vart etablert i 1870 og mellom 1873 og 1987 vart det levert 443 båtar og ulike fartøy (mudderapparat, lekterar, flytekraner) frå FMV – i snitt tre til fire leveransar kvart år. Det opphavlege FMV vart nedlagt i februar/mars 1988. På det tidspunktet var arbeidsstokken nede i 650 mann. Konkurransen frå Aust-Asia tok knekken på fleire skandinaviske verft på den tida (til dømes Uddevallavarvet).
Verkstaden vart starta i 1870 av brørne Jens Jacob og Andreas Jensen og svogeren Knud Dahl. Ved etableringa var hovudproduktet maskiner til trelastindustrien. Den fyrste båten som vart bygd var taubåten «Dragen» i 1873. Paul Holmsen, som var styrar, bygde verkstaden opp til eit betydeleg føretak. På byrjinga av 1900-talet utvikla FMV seg til å verta eit av dei største skipsverfta i Noreg.
Fartøy frå FMV
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Overlevert | Namn | Type | Tonnasje | Reiarlag | Heimehamn | IMO-nummer | Status |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 17 | 1891 | DS «Fix» | Slepebåt | |||||
| 25 | 1892 | DS «Oscar» | Kystruteskip | 34.09 brt | Senket 1948 | |||
| 29 | 1892 | DS «Hvaler» | ca 80 tonn Δ | Fredrikstad-Hvaløernes Dampsskibsselskap | Fredrikstad | Veteranbåt | ||
| 61 | 1899 | DS «Græsvig» | Ferje | brt | Solgt til Vestlandet 1951 | |||
| 69 | 1900 | «Michael Sars» | Forskningsfartøy | brt | ||||
| 120 | 1908 | DS «Bravo» | Lasteskip | 1.512 brt | Fred. Olsen | Kristiania | Hugget 1954 | |
| 246 | 1925 | DS «Dronning Maud» | Kystruteskip | 1.489 brt | Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab | Trondheim | Krigsforlist 1940 | |
| 268 | 1931 | DS «Prinsesse Ragnhild» | Kystruteskip | 1.590 brt | Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab | Trondheim | Krigsforlist 1940 | |
| 269 | 1932 | DS «Lofoten» | Kystruteskip | 1.571 brt | Vesteraalens Dampskibsselskab | Stokmarknes | Hugget 1966 | |
| 279 | 1937 | DS «Askepot» | Lasteskip | 1.313 brt | J. T. Farsjø & Co. | Oslo | 532159 | Hugget 1965 |
| 282 | 1937 | DS «Nordstjernen» | Kystruteskip | 1.919 brt | Det Bergenske Dampskibsselskab | Bergen | Forlist 1954 | |
| 303 | 1942 | DS «Sigurd Jarl» | Kystruteskip | 2.335 brt | Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab | Trondheim | Ukjent | |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fredrikstad Mekaniske Verksted» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2018.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Michael Sars
- DS Dronning Maud
- DS Prinsesse Ragnhild
- "Aktieselskabet Fredriksstad Mek. Verkstad" (100-årsjubileumsbok), 1970.
- Gyldendals konversasjonsleksikon 5. bind "Fredrikstad Mek. Verkstad" (digitalt nasjonalbibliotek).
- Lardex skipsliste Fredrikstad Mek. Verkstad (www.lardex.net).
- Sjøhistorie.no
- "Demokraten i hundre", Erik Wiggo Larsen, 2mar forlag a.s, 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Fredrikstad Mekaniske Verksted» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2019.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Dykkepedia om FMF Arkivert 2018-09-27 ved Wayback Machine.