Fredrikstad Stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fredrikstad stadion)

Fredrikstad stadion er Fredrikstad Fotballklubb si heimebane. Anlegget vart innvia 14. april 2007 med kamp mot Lyn. Stadionet ligg på eit område kalla «Værste» på Kråkerøy i Fredrikstad. Anlegget er teikna av Geir Hermansen i Griff kommunikasjon.

Det spesielle med det nye stadionet er at tribunene er bygd inn i gamle industrihallar. Ein nyttar to av verkstadhallane på Fredrikstad Mekaniske Verksted til langsidetribunar, og to nye kortsidetribunar. Det nye stadionet vil «veve» saman industri- og fotballkultur, som båe er sterke symbol for Fredrikstad by.

Byggestart var 15. september 2005 og anleggsprosessen vart avslutta 1. februar 2007. Totalkostnaden for stadionet var omkring 223 millionar kroner, og kapasiteten er på 12 500 , med moglegheit for utviding til 15 000. Underlaget på det nye stadionet er naturgras.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]