Fredsplikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fredsplikt er at partane i arbeidslivet ikkje har høve til å sette i verk arbeidskamp.

Lovheimel[endre | endre wikiteksten]

Både arbeidstvistlova og hovudavtalane slår fast at det ikkje er tillate å streike eller sette i verk lockout i den perioden ein tariffavtale gjeld (tariffperioden) for å oppnå endringar i tariffavtalen, eller fremme krav som har tilknyting til tariffavtalen.

Lovleg tariffstreik eller lockout kan berre gjennomførast i to situasjonar:

  • I samband med tariffoppgjer – og då først etter at den gamle tariffavtalen har gått ut - og i praksis alltid etter at mekling er forsøkt.
  • I samband med krav om oppretting av tariffavtale. Også i slike situasjonar skal i praksis mekling alltid forsøkast før ein går til streik.