FreeBSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

FreeBSD er eit fritt, Unix-aktig operativsystem med open kjeldekode som stammar frå Unix via Berkeley Software Distribution-greina gjennom 386BSD og 4.4BSD. FreeBSD køyrer på prosessorar kompatible med Intel x86 familien, DEC Alpha, UltraSPARC prosessorane frå Sun Microsystems, Itanium ((IA-64)) og AMD64 prosessorane. Støtte for PowerPC og ARM er også under utvikling.

FreeBSD er utvikla saman som eit komplett operativsystem. kjernen, alle forventa userland verktøy slik som skal og drivarar er plasserte i det same versjonskontrollerte (CVS) kjeldekode-treet . Dette står i kontrast til Linux, eit liknande og meir velkjent fritt Unix-aktig operativystem som er utvikla som ein kjerne av ei gruppe, userland verkty er utvikla av andre slik som GNU prosjektet. Delane blir så sette saman med applikasjonar til Linux distribusjonar.

Som operativsystem er FreeBSD sett på av mange som å vere pålitleg og robust, og av operativsystema som rapporterer oppetider til Netcraft så er FreeBSD på lista over vevtenarar med lengst oppetid [1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


BSD-versjonar
FreeBSD | NetBSD | OpenBSD