FreeRice
| FreeRice | |||
| | |||
| Type nettstad | click-to-donate site | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagd | 7. oktober 2007 | ||
| Eigar | Verdens matvareprogram | ||
| Nettstad | freerice | ||
FreeRice er ein velgjerdsnettstad der brukarane kan spela diverse læringsspel for å samla inn pengar til å få bukt med svolt i verda. Spela er kvissar innanfor fleire ulike fag, med fire svaralternativ for kvart spørsmål. Når ein vel rett svar, blir 10 riskorn donerte via FNs matvareprogram.[1] Dette blir betalt av private sponsorar. FreeRice vart skapt i 2007 av programmeraren John Breen.
I byrjinga gjekk spelet berre ut på å finna synonym til engelske ord, men i dag inneheld nettsida kvissar i fleire språk, og i emne som kjemi, matematikk (blant anna multiplikasjonstabellen), kunst og geografi.
Nettsida fekk prisen «Charity Find of the Year» av Yahoo! i 2007.[2]
Effekt
[endre | endre wikiteksten]Éin månad etter at programmet starta, hadde brukarane tent inn meir enn ein million riskorn, som ifølgje FNs matvareprogram er nok til å gi 50 000 menneske mat for ein dag.[3] Det blir anslått at 20 000 riskorn har nok energiinnhald til éin vaksen person for ein dag; etter dette reknestykket blir det via FreeRice gitt nok ris til å gi 7 000 menneske mat dagleg.[4] Dei seks første månadene donerte FreeRice 42 millionar riskorn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Frequently Asked Questions | Freerice». freerice.com. Henta 2025-03-05.
- ↑ «Charity Find of the Year 2007: Free Rice» (på engelsk). Yahoo!. Henta 22. oktober 2008.
- ↑ «Web game provides rice for hungry» (på engelsk). BBC News. 10. november 2007.
- ↑ «Total Donations By Date» (på engelsk). FreeRice. Arkivert frå originalen 2008-03-26. Henta 28. mars 2008.
- Denne artikkelen bygger på «FreeRice» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2025.