Free Bird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Free Bird
Singel av Lynyrd Skynyrd
frå albumet (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd)
Utgjeve November 1974
Innspelt 3. april 1973
Studio Studio One i Doraville i Georgia i USA
Sjanger
Lengd 9:08
Selskap MCA
Låtskrivar(ar)
Produsent Al Kooper
Lynyrd Skynyrd-kronologi
«Sweet Home Alabama»
(1974)
Free Bird «Saturday Night Special»
(1975)


«Free Bird» eller «Freebird» er ein powerballade av det amerikanske rockebandet Lynyrd Skynyrd. Songen vart først gjeven ut på debutalbumet deira i 1973 og har vore med på fleire seinare konsert- og samlealbum, inkludert ein versjon som ikkje tonar ut (på Skynyrd's Innyrds).

Songen vart gjeven ut på singel i november 1974 og nådde 19. plassen på Billboard Hot 100 i januar 1975[1] Ein konsertversjon av songen gjekk inn på listene seint i 1976,[2] og nådde til slutt 38. plassen på lista i januar 1977.[3]

Gitarsoloen i «Free Bird» vart av Guitar World rangert som den tredje beste gjennom tidene.[4]

Songen vert rekna som signaturlåten til Lynyrd Skynyrd og vert nytta som avslutningssong på konsertane deira. Det er den lengste songen deira og har ofte strekt seg opp mot 15 minuttar.[5]

Mottaing[endre | endre wikiteksten]

«Free Bird» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll og er rangert på 193. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2009 vart han rangert som den 26. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[6]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Eit stjernelag av musikarar framførte songen i den siste episoden av The Tonight Show with Conan O'Brien. Will Ferrell song solovokal og spelte kubjølle og vart akkompagnert av Beck, Billy Gibbons frå ZZ Top, Ben Harper og O'Brien sjølv på gitar, trommeslagaren Max Weinberg og resten av husbandet på showet.[7][8][9]

Songen er blitt nytta i fleire videospel, filmar og fjernsynsseria, inkludert Soylent Green, Westworld, The Towering Inferno, Logan's Run, The Doors, The Last Boy Scout, Soldier, Blood Diamond, Time Bandits, Spaceballs, Wayne's World, Josie and the Pussycats, Sid and Nancy, This Is Spinal Tap, Airheads, Bill & Ted's Excellent Adventure, Dude, Where's My Car?, Empire Records, High Fidelity, Rock Star, The Rocker, The Full Monty, Napoleon Dynamite, Idiocracy, Speed, Broken Arrow, Entrapment, Lethal Weapon 4, Exit Wounds, Mad Max: Fury Road, Guitar Hero II, Forrest Gump, American Pop, House of Cards, The Devil's Rejects, Guitar Hero: Smash Hits, Rock Band 3, ER, Everybody Loves Raymond, Grand Theft Auto: San Andreas, Californication, Kingsman: The Secret Service, Free Birds, That '70s Show, Flushed Away, Chicken Little, Elizabethtown, Toy Story 3, The Simpsons og Family Guy.[10][11]

Salslister og salstal[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2013 var songen blitt lasta ned 2,1 millionar gonger.[12]

Liste (1974–1975) Plassering
Canada RPM Top Singles 47
U.S. Billboard Hot 100 19
Liste (1979–1980) Plassering
UK Singles Chart 43
Liste (1982) Plassering
UK Singles Chart 21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lynyrd Skynyrd[endre | endre wikiteksten]

Studioversjonen (1973)

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske dance-popbandet Will to Power skapte ein medley av denne songen og Peter Frampton sin «Baby, I Love Your Way» i 1988. Dene vart kalla «Baby, I Love Your Way/Freebird Medley» og låg ei veke på toppen av Billboard Hot 100 chart.[13] Molly Hatchet spelte inn songen i 1985 på konsertalbumet Double Trouble Live.[14] Han vart òg spelt av Wynonna Judd i 1994 på hyllestalbumet Skynyrd Frynds. Songen vart spelt inn av Bronx Casket Co. i 2005 på albumet deira Hellectric i gothstil. Det amerikanske bandet Phish spelte ein acappellaversjonen av songen på konsertane sine, oftast på 90-talet.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lynyrd Skynyrd Chart History». Billboard. Henta 14. september 2018. 
  2. «Billboard Charts Archive, 4. desember 1976». Billboard. Henta 14. september 2018. 
  3. «Billboard Charts Archive, 4. desember 1976». Billboard. Henta 14. september 2018. 
  4. «100 Greatest Guitar Solos: 3) «Free Bird» (Allen Collins, Gary Rossington)». Guitar World. 14. oktober 2008. Henta 7. mars 2012. 
  5. «Lynyrd Skynyrd Biography». Rolling Stone. Henta 14. september 2018. 
  6. «spreadit.org music». Arkivert frå originalen 12. februar 2009. Henta 14. september 2018. 
  7. Daniel Kreps (23. januar 2010). «Conan O'Brien Recruits Will Ferrell, Beck for Final Episode Free Bird | Music News». Rolling Stone. Henta 14. juli 2014. 
  8. «Conan Says Goodbye with Will Ferrell & Freebird from TubularGoldmine». Funnyordie.com. 23. januar 2010. Henta 14. juli 2014. 
  9. «Lynyrd Skynyrd's 'Free Bird' a fitting end to Conan O'Brien's run». members.jacksonville.com. Henta 14. juli 2014. 
  10. «Kingsman: The Secret Service soundtracks». Internet Movie Database. Henta 23. mai 2015. 
  11. «Kingsman: The Secret Service (2015)». Soundtrack.Net. Henta 23. mai 2015. 
  12. Grein, Paul (14. september 2018). «Chart Watch: Eminem Returns to #1, Gaga Sinks to #8». Yahoo Music. Henta 14. september 2018. 
  13. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications)
  14. «Molly Hatchet – Freebird». discogs. Henta 14. september 2018. 
  15. «Free Bird Every Time Played». Phish.net. Henta 14. september 2018.