Freetown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freetown
by
Land  Sierra Leone
Areal 357 000 000 km²
Folketal 951 000 (2014)
Kart
Freetown
8°28′0″ N 13°13′59″ W
Kart over Sierra Leone
Kart over Sierra Leone
Kart over Sierra Leone
Wikimedia Commons: Freetown

Freetown er hovudstaden og den største byen i Sierra Leone. Byen er ein hamneby og ligg på Freetownhalvøya ved atlanterhavskysten. I 2008 hadde byen 1 070 200 innbyggarar.[1][2] Byen er det økonomiske og kulturelle senteret i Sierra Leone. Bykommunen har ei flatevidd på 357 km².

Næring og samfunn[endre | endre wikiteksten]

Næringsverksemda i Freetown er i stor grad basert på hamna, der mesteparten av eksportvarene frå Sierra Leone vert skipa ut. Andre næringar er fiskeforedling, rismylner, oljeraffineri, diamantsliping og sigarettproduksjon.

Byen hyser landets største universitet, Fourah Bay College. Universitetet, som vart grunnlagt i 1827, spela nøkkelrolle for dei engelsktalande statane i Vest-Afrika.

Innbyggarane i Freetown har mangearta bakgrunn, både kva gjeld etnisitet og kultur. Her er innslag frå alle dei nasjonale stammene, men største folkegruppa er krioane, etterkomarar av frigjevne slavar frå Nord-Amerika, Vest-India og Afrika sjølv. Politisk er byen dominert av krioar, og talespråket til krio er det mest utbreidde i byen.

Spesialdomstolen for Sierra Leone, eit tribunal som er etablert for å dømme krigsforbrytarar, har setet sitt i Freetown.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bomullstreet (Ceiba petandra) i Freetown, som frigjevne slavar helga i 1792

Frigjevne slavar sende frå England med hjelp frå britiske slavemotstandarar busette seg første gongen i området i 1787. I 1792 vart byen Freetown grunnlagd av tidlegare slavar frå Nova Scotia. Innbyggjarane gjorde opprør i 1800, men den britiske kolonimakta tok tilbake makta over byen og byrja ekspandere i området. Dette leia til etableringa av kolonien Sierra Leone.

Mellom 1808 og 1874 var Freetown hovudstad i koloniriket Britisk Vest-Afrika. Byen voks snøgt i takt med at mange frigjevne slavar busette seg her, saman med afrikanske soldatar som kjempa for Storbritannia under Napoleonskrigane. Under andre verdskrigen opprettheldt Storbritannia ein orlogsbase i Freetown.

Krig prega Freetown på 1990-talet. Byen vart då okkupert av ECOWAS-troppar som hadde som mål å setje inn att Ahmad Tejan Kabbah som president. Seinare vart byen utsett for eit mislukka åtak frå Revolutionary United Front (RUF). Fem tidlegare leiarar for RUF vart tiltala ved Spesialdomstolen for Sierra Leone. To av desse døydde før dom fall, medan Issa Hassan Sesay vart dømd til 52 års fengsel, Morris Kallon 40 år og Augustine Gbao 25 år for mord, valdtekt, seksuelt slaveri og andre former for seksuell vald, utnytting av barnesoldatar, undertrykking og plyndring. Dommen vart avsagd 8. april 2009.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. NNDB
  2. Freetown capital city of Sierra Leone, arkivert frå originalen 3. august 2009, henta 10. mars 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Freetown