Hopp til innhald

Frei

(Omdirigert frå Frei kommune)
Frei
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei. Foto: Harald Oppedal
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei.
Foto: Harald Oppedal
Geografi
StadNordmøre
Koordinatar63°03′N 07°48′E / 63.050°N 7.800°E / 63.050; 7.800
Areal63,08 km²
Høgaste punktFreikollen (629 moh.)
Administrasjon
LandNoreg
FylkeMøre og Romsdal
Største busetnadRensvik (2572 innb.)
Demografi
Folketalca. 5500 (2024)
Folketettleikca. 87 /km²
Kommunevåpenet til Frei kommune føre samanslåinga med Kristiansund.

Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2572 innbyggjarar (2024). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Frei kommune

[endre | endre wikiteksten]

Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.

Grensene til Frei kommune vart endra fleire gonger. I 1882 vart ein del overført til Øre kommune og i 1893 vart ein del skilt ut og innlemma i nyoppretta Gjemnes kommune. I 1964 mista kommunen ein del av Aspøya til Tingvoll kommune, men fekk til gjengjeld ein del av øya Frei som fram til då hadde vore del av Bremsnes kommune.

Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.

Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.


Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for øya Frei

1801[1][2] 1900[3][4] 2000[5][a] 2024[5][a]
396 1055 4954 5676

Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:

1.1.1964[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2007[6]
2369 2599 4204 4893 5187 5428

Øyar og holmar

[endre | endre wikiteksten]

Fjell og åsar

[endre | endre wikiteksten]