Fremantle Doctor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Losbåt i Fremantle Doctor-vind ved hamneinngangen til Fremantle.

Fremantle Doctor, 'The Freo Doctor', eller berre 'The Doctor', er ein solgangsbris i Vest-Australia, som opptrer om sommaren sørvest på kysten av Vest-Australia. Sjøbrisen kjem av store temperaturskilnader mellom hav og land.

Om sommaren bles vinden konsistent frå sørvest, og starta mellom kl. 12 og 15 kvar dag. Han kan nå så langt inn i landet som 100 km, og nå York tidleg på kvelden.

I Perth, hovudstaden i Vest-Australia, vert vinden kalla Fremantle Doctor fordi han verkar å kome frå kystbyen Fremantle, og fører med seg meir behagelege temperaturar. Temperaturen fell ofte med fleire grader, men kan verte nokså kraftig, opp mot frisk bris, slik at det kan verte ubehageleg på strendene.

Dagar då vinden ikkje opptrer kan temperaturen om ettermiddagen i Perth vert langt høgare enn elles, ofte over 40 °C.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]