Fretless

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halsen på ein fretless bassgitar.

Fretless (engelsk, 'utan band') er eit adjektiv som blir bruka om elektriske klimpreinstrument som ikkje har tverrband — særleg i samband med bassgitar. Ein fretless bass kan vera bygd slik eller tverrbanda kan vera nedslipte.

Ein fretless bass gjev en tone som minnar meir om kontrabass, og som kan gli på og ha vibrato. Til gjengjeld vil ein nybyrjar ha problem med å spela reint fordi fingrane må setjast nøyaktig der dei skal på gripebrettet. Den amerikanske jazzbassisten Jaco Pastorius er gjeven mykje av æra for utbreiinga av fretless-bassen.