Fridomsgrad i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fridomsgrad i fysikk. For andre tydingar, sjå fridomsgrad.

Fridomsgrad i fysikk seier noko om kor mange retningar eit punkt kan flytte seg i. Eit punkt som er bunde til å røre seg på ei linje og som berre har høve til forflytting langs denne linja. Ein seier at punktet har éin fridomsgrad. Eit punkt som kan røre seg i ei flate, har to fridomsgrader. Eit punkt som kan røre seg i alle tre retningar i eit rom, har tre fridomsgrader. Til å avgjere forflyttinga til punktet trengst det like mange koordinatar som det har fridomsgrader. Fridomsgrader spelar ei viktig rolle i kinetisk gassteori og statistisk mekanikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]