Hopp til innhald

Fridomsklokka i Philadelphia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fridomsklokka i Philadelphia

StadPhiladelphia
Kart
den amerikanske fridomsklokka
39°56′58″N 75°09′01″W / 39.9495°N 75.1503°W / 39.9495; -75.1503

Fridomsklokka (engelsk Liberty Bell) er namnet på ei klokke i sentrum av Philadelphia i USA, som det skal ha vorte ringt med då den amerikanske sjølvstendefråsegna vart forkynt (om denne historia er sann er ikkje sikkert, men den spelar ei stor rolle i historieundervisinga i amerikanske skular). Ho vart støypt i 1752 i London av White Chapel Bell Foundry og sidan hang ho i det såkalte State House, tidlegare sete for koloniregjeringa i Pennsylvania (no kjent som Independence Hall). Klokka er i Liberty Bell Center.

Ein særeigenheit ved klokka er ripen, som gjev ein heilt spesiell klang. Korleis denne ripen er oppstådd er ikkje kjend, men det skjedde mellom 1817 og 1846.

John Philip Sousa oppkalla sit kjende musikkverk Liberty Bell etter denne klokka.

Klokka ringer for første gong. Måleri frå 1913 av Jean Leon Gerome Ferris].

Klokka var inspirasjon for Fridomsklokka i Berlin, gjeve som gåve av amerikanarar til Berlins folkesetnad som symbol på kampen mot kommunismen i Europa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fridomsklokka i Philadelphia