Fridomstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arvid Horn (1664–1742) var kanslipresident 1710–1719 og 1720–1738.

Fridomstida (svensk frihetstiden) er namnet på perioden i svensk historie mellom 1718 og 1772. Han vert etterfølgd av den gustavianske tida. Årsaka til at perioden vert kalla fridomstida er at det kongelege eineveldet vart oppheva ved lov i år 1719. Omgrepet fridomstida syner til fridom frå eineveldet.

Perioden starta då Karl XII av Sverige fall ved Fredrikshald i 1718 under den store nordiske krigen og den svenske stormaktstida. Perioden enda med at Gustav III kom til trona og år 1772 gjennomførte eit statskupp som gav kongen større makt.

Då Karl XII ikkje hadde nokon arving, vart systera nøydd til å kalle inn Riksdagen for å verte valt til dronning. I 1720 abdiserte ho til fordel for gemalen sin Fredrik av Hessen, som med namnet Fredrik I vart konge fram til 1751. Eineveldet vart avskaffa av Riksdagen 1720 og 1723 og all makt vart samla hos dei fire stendene i riket. Dei viktige spørsmåla skulle avgjerast av eit råd på 16 medlemmar, der kongen berre hadde to stemmer. Rådet skulle vere ansvarleg overfor stendene. Fram til 1738 var Arvid Horn kansellipresident i regjeringa, og det er han som i første rekkje har øra for fredspolitikken i denne perioden, som hadde til føremål å hindre ein ny krig med Russland. Horn fremma òg handel og industri, og den økonomiske bløminga i landet i perioden skuldast først og fremst dei merkantilistiske ideane hans. I 1738 måtte Horn trekkje seg som regjeringssjef på grunn av misnøye med utanrikspolitikken hans. På den tida hadde det utvikla seg eit topartisystem. Desse var tilhengjarane av Arvid Horn, som vart kalla mössor (nattmössor eller «huer») og hattar, som gjekk inn for ein krig mot Russland for å vinne attende dei tapte områda kring Austersjøen. Hattane tok over regjeringa og gjekk i forbund med Frankrike for å oppnå subsidiar. Den svensk-russiske krigen 1741–1743 førte berre til at svenskane tapte enno fleire finske provinsar nordvest for St. Petersburg. Hattane klarte heller ikkje å gjere Sverige til den økonomiske stormakta dei drøymde om. Industri- og handelspolitikken deira var nærast mislukka. I lag med dei enorme utgiftene dei hadde i sjuårskrigen mot Preussen 1757–1762 førte dette til inflasjon og statsfinansielt samanbrot. Meir liberale økonomiske idear gjorde seg gjeldande mot slutten av fridomstida, mellom anna kjempa fram av Anders Chydenius, som var talsman for dei same ideane som Adam Smith talte for i Skottland på same tida.

Fridomstida var ei vitskapleg stordomstid i Sverige. Staten var interessert i naturvitskapleg forsking, og Riksdagen gav store beløp til slik forsking. Av kjende vitskapsmenn frå denne tida finn ein ingeniøren og oppfinnaren Christopher Polhem, botanikaren Carl von Linné, fysikaren Anders Celsius og kjemikaren Karl Wilhelm Scheele. I 1739 vart Vetenskapsakademien grunnlagd og sidan den gong har dette vore eit sentrum for naturvitskapleg forsking i Sverige.

Etter 1765 skifta mössor og hatter på makta. Mössorna, som hadde vore eit adelsparti under Arvid Horn, støtta seg no til tre uadelege stender i Riksdagen. Hattane vart no partiet for dei adelege. I tillegg byrja eit tredje parti å gjere seg gjeldande, eit hoffparti som søkte å utvide kongemakta. I tillegg prøvde utanlandske makter å blande seg inn i svensk politikk ved å gje økonomisk støtte til partia. Russarane påverka politikken etter at mössorna overtok regjeringsmakta. For å få ein slutt på dette valte sonen og etterfølgjaren til Adolf Fredrik og Gustav III å gjere statskupp i 1772. Regjeringa vart då arrestert og Riksdagen vedtok ei ny regjeringsform som gav kongen makt over regjeringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]