Fridthjov Anderssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fridthjov Anderssen

Fødd26. april 1876
FødestadBeiarn
Død9. mai 1937 (61 år)
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka somkomponist, musikar

Fridthjov Anderssen (26. april 18769. mai 1937) var ein norsk komponist. Han budde det meste av livet i Bodø og arbeidde som organist, dirigent og komponist. Dei mest kjende verka hans er orgelfantasien over koralen «Av dypest nød», og Nordlandskantaten og Utfærdsdråpa for mannskor.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fridthjov Anderssen var fødd 26. april 1876 på Moldjord i Beiarn, som den yngste av syskenflokken. Foreldra hans var Ole Anderssen og Gjertru Meland. Faren var svært interessert i musikk. Han var felespelar og kyrkjesongar, og heime hadde dei både fiolin, gitar og husorgel.

I 1886 flytta familien til Hernes ved Bodø. Alle syskena var aktive i musikklivet i byen. Fridthjov byrja tidleg å spela orgel, og faren kjøpte også eit piano i slutten av 1880-åra.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Fridthjov Anderssen byrja tidleg å skriva musikk. Frå 1888 fekk han musikalsk opplæring frå den første organisten ved Bodø kyrkje, Erik Aulie frå Oslo.

I perioden 1893-1895 var han to semester ved Peter Lindemans musikkonservatorium i Oslo. Her studerte han orgel og piano hjå Peter Brynie Lindeman og Kristian Lindeman, harmonilære hjå Gustav Fr. Lange og kontrapunkt hos Johannes Haarklou og Catharinus Elling.

I 1895 heldt han den første offentlege konserten sin som organist. Han hadde fleire konsertar dette året i Bodø, Folda, Lofoten og Vesterålen.

I 1895 blei Fridthjov Anderssen tilsett som organist i Bodin kyrkje og verka i denne stillinga til 1901. Samtidig var han dirigent for den nyoppretta Bodø orkesterforening og dirigent for Bodø Håndverkersangforening. Dette førte til at han byrja å komponera musikk for koret.

Hausten 1901 reiste Fridthjov Anderssen til konservatoriet i Leipzig for å studera. Dette hadde han lenge hatt planar om, og no fekk han endeleg middel til det. I Leipzig fekk han lærarane Homeyer i orgelspel, Salomon Jadassohn og seinare Emil Paul i kontrapunkt. Han måtte reisa heim igjen sommaren 1902, men vende attende 1918–19.[1]

Virke i Bodø[endre | endre wikiteksten]

Statuen av Fridthjov Anderssen i Bodø.

Frå 1902 budde han i Bodø. Han arbeidde som dirigent for kor (Bodø Håndverkersangforening, og Bodø Sangforening), som organist (i 1905 fekk han stilling som organist i Bodø kyrkje), som leiar av orkesteret og av hornmusikken, og som lærar i pianospel. Han hadde møtt den framtidige kona si Aagot Nilssen tidleg, men på grunn av økonomi kunne dei ikkje gifta seg før i 1912.

Fridthjov Anderssen blei mest kjend for korverka sine. I perioden 1902-1904 komponerte han «Utfærdsdråpa», til tekst av Per Sivle for solistar, kor og orkester.

Verket «Nordland» for baryton og mannskor til tekst av Knut Hamsun blei komponert i 1913. Det var eit bestillingsverk for Nordlands sangerforbund, som skulle framføra det i samband med landssongarstemnet i Oslo i 1914. Sangerforbundet, på 90 mann, hadde ein konsertturné langs kysten sørover til Oslo. Konserten i Oslo blei ein stor suksess, og bidrog til å gjera Fridthjov Anderssen kjend.

«Bodøkantaten», for kor, barytonsolo og orkester, blei skrive til Bodø sitt 100-årsjubileum i 1916.

Fridthjov Anderssen blei tatt opp som medlem av Norsk Komponistforening i 1928. Han fekk likevel aldri store inntekter frå komposisjonane sine. Han overlevde på den vesle løna som organist i Bodø kyrkje, som pianolærar, som dirigent, og anna musikkarbeid i byen.

Orgelfantasien hans over koralen «Av dypest nød» er rekna som eit av dei viktigaste norske orgelverka. Han blei til i 1917, før det andre opphaldet hans i Leipzig. Han spelte fantasien i 1924 på konserten til organistforeningen. I 1933 spelte han verket på ein olsokkonsert i Nidarosdomen.

Mot slutten av livet fekk Anderssen eit arbeidsstipend for komponistar frå Oslo by, men han var då sjuk. Han døydde 9. mai 1937, 61 år gammal.

Komponisten Geirr Tveitt har laga eit orkesterarrangement til «Nordland».

I 1938 blei det sett opp ein minnestein over Fridthjov Anderssen i Bodø.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Orgel[endre | endre wikiteksten]

  • Introduksjon og fuge i f-moll
  • Sørgemarsj (1900)
  • Bryllupsmarsj (1900)
  • 3 fuger (1902)
  • Festpreludium over «Av høyheten opprunnen er» D-dur
  • Festpreludium over «Av høyheten opprunnen er» Ess-dur
  • Festpreludium over «Fra himlen høyt» Ess-dur
  • Festpreludium over «Fra himlen høyt» C-dur
  • Orgelkoral «Akk visste du som går i syndens lenke»
  • Fuge med koralen «Frykt, mitt barn den sanne Gud»
  • 6 små preludier
  • Fantasi over koralen «Av dypets nød»: Introduksjon - koral - variasjon 1-4 - Intermezzo - Dobbeltfuge (1917)
  • Orgelkoral «in dulci jubilo» (1933)

Piano[endre | endre wikiteksten]

  • Humoreske (1903)
  • Arietta (1918)
  • Hyfsar (1918)

Mannskor[endre | endre wikiteksten]

  • «Halvdan Kierulf» (1889)
  • «Lengsel» (1893)
  • «Juni» (1895)
  • «October» (1895)
  • «Nordvest» (1896)
  • «Haust» (1896)
  • «Løv» (1897)
  • «Det skal synest til slutt» (ca 1900)
  • «Fremad under Norges merke» (ca 1900)
  • «Tungalda» (1901)
  • «Utfærdsdråpa» (1902-1904)
  • «Se nu synker solen» (ca 1906)
  • «Til Bodø» (1909)
  • «Vin, kvinnor og song» (1908)
  • «Nordland» (1913)
  • «Bodøkantaten» (1916)
  • «Høubudans» (1926)
  • «Vårt fedreland» (1936)

I tillegg nokre folketoneomarbeidingar.

Blandakor[endre | endre wikiteksten]

  • «Kyrie Eleison» (1902)
  • «Se solens skjønne lys og prakt» (1920-årene)
  • «Hvor salig er den lille flokk» (1920-årene)
  • «Naglet til et kors på jorden» (1920-årene)

Song og piano[endre | endre wikiteksten]

  • «Havfruen» (1890)
  • «Haraldshaugen» (1891)
  • «Bølgedrag» (1891)
  • «Lengsel» (1892)
  • «Av en gammel historie» (1892)
  • 5 Musikanterviser (1895-96)
  • 5 Landstrykerviser (1896-97)
  • «Musikk (Kjære, spill den nok en gang)» (1896)
  • «Den siste kveld» (1897)
  • «Løv» (1897)
  • «Folkevise» (1897)
  • «Nocturne» (1898)
  • «Vår» (1899)
  • «Eva» (1900)
  • «Når det bliver vår igjen» (1900)
  • «Fyrste Blomen» (1906)
  • «Solkverv» (1906)
  • «Andakt» (1908)
  • «Det er noe jeg sitter og ei kan forstå» (1909)
  • «Evneflaum» (ca 1910)
  • «Fylgja mi» (ca 1910)
  • «Herre, lær meg å gå din veg» (ca 1910)
  • «Svarte fuglar» (1910)
  • «Idealisten» (1912)
  • «No ska vi søng om lappan» (1920)

Musikkorps[endre | endre wikiteksten]

  • 17-mai-marsj (1905)
  • Sørgemarsj (1910)
  • Festmarsj (1910)
  • Sangermarsj (1920)

Diverse[endre | endre wikiteksten]

  • Festmarsj (1910). Piano, orgel, orkester.
  • Legende (1912). Orkester. Også for cello og piano.
  • Strykekvartett i d-moll (1918)
  • Ballettopptrin (1920)
  • Dansesuite (1936-36)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fridthjov Anderssen Organ works [2CD]: Euridice EUCD019 (2001). Bjørn Andor Drage orgel
  • Toner fra norden: Con Spirito CS 003 (1998). Con Spirito, Helge Birkeland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Andersen, Rune J. (30. april 2020). «Fridthjov Anderssen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bakke og Hanssen: Frifthjov Anderssen, mennesket og kunstneren. Bodø 1947.
  • Hanssen, Haavard: «Forord». Fridthjov Anderssen Sanger: Minneutgåve. 1976
  • Herresthal, Harald: «Nordlandskomponisten Fridthjov Anderssen». Norges musikkhistorie s.266-267. Aschehoug 1999

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fridthjov Anderssen