Fridtjof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fridtjof, Fridtjov, Frithjof, Fritjof og Fritiof er mannsnamn av norrønt opphav. Fridtjof har namnedag i Noreg den 10. oktober medan Fritiof har svensk namnedag den 18. februar.

Namnet er sett saman av friðr, 'kjærleik, fred', og þjófr, 'tjuv'. Dei norrøne formene av namnet var Friðþjófr og Friþiófr, og den islandske namneforma er Friðþjófur.

Namnet er kjend frå Soga om Fridtjov den frøkne. Det blei teke i bruk som førenamn i Noreg frå 1830-åra. I 2012 var det 442 norske menn som heitte Fridtjof, 127 som heitte Fritjof og 5 som heitte Fritiof.

I Sverige var det totalt 1 957 personer som heitte Fritiof eller Fritjof. Berre 230 hadde det som tiltalenamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Fritjof Fomlesen er ein komisk rollefigur skapt av Lars Vik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]