Fridtjof Eriksen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fridtjof Eriksen | |
Fødd | 24. juni 1930 (90 år) |
Yrke | skribent |
Fridtjof Eriksen (fødd 24. juni 1930 på Espenes i Dyrøy) er ein norsk pensjonert lærar, foreiningsmann, politikar og forfattar.
Fridtjof Eriksen har vore aktiv i foreiningsliv og politikk, skole, lokal misjonsforeining og Lenvik sokneråd. Han har også vore krinsformann i Indremisjonen og Normisjon. Han har vore aktiv i Kristeleg Folkeparti der han i mange år var ulønna fylkessekretær.[1]
Han har utdanning frå Tromsø lærarskole (1951-1955)[2] og eit kurs på Heimly folkehøgskole – Forfattarskolen.
Fridtjof Eriksen mottok i 1981 kulturprisen i Lenvik for kulturarbeidet sitt, blant anna som dirigent for kor og skolekorps.
Fridtjof Eriksen er også aktiv forkjempar for nynorsk.[3]
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Drøm og dragning. Diktsamling. (Eige forlag). 100 sider. 1. utgåve 2001, 2. utgåve 2006.
- Under Nordlys og midnattsol. Liv og diktning. Sjølvbiografi. (Eige forlag). Nynorsk. 129 sider. 2007.
- På sporet av en vei. Roman. (Eige forlag). 108 sider. 2008.
- Folk og liv. Småstubbar og dikt. (Eige forlag). Nynorsk. 96 sider. 2011
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Litteraturnett Nord-Norge: Fridtjof Eriksen: http://litteraturnettnordnorge.no/fridtjof-eriksen/
- Forlaget Kristiansen: «På sporet av en vei». Bok- og forfatterpresentasjon: http://kristians1.net/enboktil2_backup.html
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ ”Fridtjof Eriksen 80 år”: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/nyheter/artikkel?p_document_id=39290&org=15051
- ↑ http://www.folkebladet.no/bildespesial/fotominner/article490631.ece?imageIndex=19#pageTop
- ↑ ”Ka er galt med nynorsken?”, Folkebladet, Finnsnes, onsdag 1. februar 2012, også på http://twitpic.com/8e9p1m