Fridtjof Mjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fridtjof Mjøen
FridtjofMjøen.jpg
Fødd3. august 1897
FødestadMagdeburg
Død21. oktober 1967
DødsstadOslo
Verka sombiolog, lege, teaterskodespelar, filmskodespelar
FarJon Alfred Mjøen

Fridtjof Otto Rudolf Greverus Mjøen (3. august 189721. oktober 1967) var ein norsk skodespelar fødd i Magdeburg, bror til Jon Lennart Mjøen og Sonja Mjøen.

Mjøen debuterte 1927 på Centralteatret i Oslo og arbeidde deretter ved Det Nye Teater, der han også var teatersjef 1936–37. Seinare opptrådde han på ulike scener, særleg ved Centralteatret og i lystspel.

Mjøen filmdebuterte i 1928 i Bergenstoget plyndret i natt. Sidan spelte han større og mindre filmroller i 1940- og 1950-åra. Svært populær som hovudfiguren Paul Temple i Radioteatret sine kriminalseriar basert på verk av Francis Durbridge, sendt i Norsk Rikskringkasting i 1952 og 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]