Fridtjov Urdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fridtjov Urdal

Fødd 22. mars 1952 (72 år)
Yrke skribent

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord.

Han vaks opp i Årebrot i dåverande Flora kommune og er busett på Vassenden i Sunnfjord. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde (tidlegare Sogn og Fjordane kunstnarsenter) i ulike stillingar.

Urdal er ein mangfaldig og mykje brukt formidlar med emne frå eit breitt spekter av norsk kunst- og kulturhistorie. Om skriftstykka sine seier han sjølv at han likar å sjå «korleis det ser ut på den andre sida». Derfor er han ofte uventa i kasta sine, med frisk biletbruk og frodige ordval. Fridtjov Urdal er ein kunnskapsrik og levande forteljar, med røter i den folkelege forteljekunsten, noko som også viser seg i forfattarskapen.

Urdal har gitt ut fleire bøker, mellom anna to bøker med folkelege historier og vitsar frå Sogn og Fjordane, Båten som gjekk på tvers (1981) og Fluga på veggen (1983), og ei samling med ord og uttrykk frå Sunnfjord, På hogg å' belegg (1997, saman med Jan Petter Korsedal).

Saman med Rolf Losnegård skreiv han skodespelet Det var ein gong ein krig, som Sogn og Fjordane teater sette opp i 1982. Urdal har òg prøvd seg som skodespelar, i Jubelhornet av Rolf Losnegård, med tittel etter ei novelle av Jakob Sande, og i fjernsynsserien Fantestrekar i barne-tv (NRK Sogn og Fjordane 2001).

Urdal har vore fast spaltist i Firdaposten, Florø, sidan siste halvdel av 1980-åra, og han har vore ein sentral person i Førde-revyen sidan midt i 1990-åra, mest som manusforfattar. Ein skulptur av Fridtjov Urdal står i Jølster. Den er laga av biletkunstnaren Stig Eikaas.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 – Kristi Ylvisaker <utstillingskatalog> : foremothers : ei poetisk utstilling om utvandring (Førde: Sogn og Fjordane kunstnarsenter) I fulltekst ved nb.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]