Friedrich Engels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om filosofen. For matematikaren, sjå Friedrich Engel.
Friedrich Engels
Friedrich Engels som prøyssisk soldat

Friedrich Engels (28. november 18205. august 1895) var ein tysk politisk tenkjar frå 1800-talet. Saman med partneren sin, Karl Marx, utvikla Engels den vitskaplege sosialismen, også kalla marxismen. Engels var medforfattar av Det kommunistiske manifestet, og redaktør av fleire band av Marx sitt hovudverk Das Kapital etter Marx var død.

Engels var fødd i Wuppertal i Preussen, i det noverande Tyskland, som eldste son av ein bedriftseigar. Som ung mann blei han send til England for å leie den bomullsfabrikken faren eigde i Manchester. Han blei sjokkert over den fattigdomen han såg, og skreiv ei skildring som blei utgitt i 1845 med den engelske tittelen Condition of the Working Class in England. Same året begynte Engels samarbeidet med Marx, da dei fann ut at begge hadde same synet på kapitalismen.

Engels levde ilag med ei irsk arbeidarklasse-kvinne som heitte Mary Burns til ho døydde, og sidan med søster hennar, Lizzie. Det er mogleg det var dei som introduserte han til arbeidarstemmerettsrørsla, chartistane. Engels var aktivt med i skipinga av Den kommunistiske ligaen i London i 1846. I 1847 begynte Marx og Engels arbeidet med Manifestet, som blei gitt ut i februar 1848.

Engels var aktivt med i 1848-revolusjonen, i Elberfeld og Baden i Tyskland. I 1849 måtte både han og Marx rømme frå Tyskland for godt, og dei flytta permanent til England. Engels vigde resten av livet sitt til å redigere og omsette Marx sine skrifter, og å hjelpe til med å utvikle arbeidarrørsla, ikkje minst i heimlandet, der det tyske sosialdemokratiske partiet voks raskt i siste delen av hundreåret. Engels meinte på slutten av livet sitt at legale arbeidsmåtar kunne vere minst like effektive som gateslag etter kvart som arbeidarrørsla styrkte seg.

Friedrich Engels døydde i London i 1895.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Nokre av verka hans er:

Anti-Dühring, Naturdialektikken, Teser om Feuerbach, Opphavet til familien, privateigedomen og staten, Revolusjon og kontrarevolusjon i Tyskland, Den tyske ideologien (saman med Marx), Den heilage familien (saman med Marx), Bondekrigen i Tyskland.

Desse og andre tekstar av Engels kan ein finne her: Marxist.org

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Engels
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Friedrich Engels
Wikisource

Originaltekst av Friedrich Engels ved Wikisource.