Friedrich Schleiermacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Friedrich Schleiermacher
Friedrich Daniel Ernst Schleiermacher.jpg
FøddFriedrich Daniel Ernst Schleiermacher
21. november 1768
Wrocław
Død12. februar 1834
Berlin
NasjonalitetTyskland
Områdeteologi, etikk, dialektikk
Yrkefilosof, teolog, omsetjar, universitetslærar, skribent
InstitusjonarMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Universität Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet

Friedrich Daniel Ernst Schleiermacher (21. november 176812. februar 1834) var ein tysk protestantisk teolog og filosof, fødd i Breslau og død i Berlin. Han er kjend for sitt strev med å forlike opplysningstidas religionskritikk med tradisjonell protestantisk kristendom.

Schleiermacher arbeidde som predikant. Sidan var han professor i Halle og frå 1810 ved det nye universitetet i Berlin, Humboldt-Universität. Han utvikla der ei lære som går ut frå den «fromme sjølvbevisstheit» og avleier religionen frå mennesket. Kristus er «mennesket i seg», den guddommelege idéen om mennesket, opphavet til nåden og frelsa.

Schleiermacher var sterkt påverka av romantikken. Han meinte religionen høyrde kjenslelivet til, i sterk motsetnad til ein religionsfilosofi basert på fornufta. Religionen sitt eigentlege vesen er «aninga av og synet for det uendelege». Kristendommen har til oppgåve å løyse mennesket frå eit «syndefullt endelikt».

Trua og den indre kjærleiken skal, ifylgje Schleiermacher, vere drivkrafta for handling. I den ånd engasjerte han seg for kyrkjas fridom andsynes fyrstane. Han omdefinerte dogmatikkens oppgåve ved å relativere den til det historiske. Dogmatikken skal ikkje føre til tru, men utvikle dei truande si forståing av innhaldet i trua i ein historisk epoke. Læra hans om trua, og etikken og hermeneutikken hans, hadde vidtrekkande verknader.

Grunna sin store innverknad på kristen tenking, vert Schleiermacher ofte kalla far til den moderne liberale teologien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]