Friends Will Be Friends
| Friends Will Be Friends Singel av Queen frå albumet A Kind of Magic | ||
| B-side |
«Friends Will Be Friends (Extended Version)»/«Gimme The Prize (Kurgan's Theme)» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 9. juni 1986 | |
| Innspelt | 1985 – 1986 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 4:07 (album)
5:58 (CD-bonusspor: «Friends Will Be Friends Will Be Friends») 6:15 (12" extended version) 4:14 (video) | |
| Selskap | EMI, Capitol | |
| Komponist | Freddie Mercury, John Deacon | |
| Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
| Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
| Produsent | Queen | |
| Queen-kronologi | ||
| «One Year of Love» (1986) |
Friends Will Be Friends | «Pain Is So Close to Pleasure» (1986)
|
«Friends Will Be Friends» er ein song framført av Queen og skriven av Freddie Mercury og John Deacon, frå albumet A Kind of Magic i 1986. Han var den 30. singelen som vart gjeven ut i Storbritannia då han kom den 9. juni 1986. Singelen nådde 14. plassen i Storbritannia.
«Friends Will Be Friends» vart framført på konsertane under The Magic-turneen. Songen var den første og einaste som vart sungen på slutten av konsertane mellom «We Will Rock You» og «We Are the Champions» sidan News of the World-turneen i 1977.[1]
Songen finst på fleire samlealbum av Queen, som Greatest Hits II, Greatest Flix II og Greatest Video Hits II.
Musikalsk arrangement
[endre | endre wikiteksten]Songen er spelt inn i G-dur, og er dominert av den melodiske gitaren til Brian May. Ein variasjon av dette finst på konsertalbumet Live At Wembley '86, der songen vert spelt i F-dur. Songen skil seg frå mange andre Queen-singlar ved at han ikkje har eit mellomspel eller gitarsolo.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Videoen vart regissert av DoRo og filma JVC Studios i Wembley i mai 1986 der bandet spelar føre fansen. Frontmannen Freddie Mercury tar ein high five med publikum og mot slutten av videoen forsvinn musikken medan publikum fortset å syngje.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1986) | Plassering |
|---|---|
| Nederland[2] | 16 |
| Den tyske singellista[3] | 20 |
| Irish Singles Chart[4] | 4 |
| New Zealand[5] | 50 |
| Den sveitsiske singellista[6] | 19 |
| UK Singles Chart[7] | 14 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Friends Will Be Friends» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Information about Queen's concerts with typical setlists, arkivert frå originalen 7. september 2012, henta 24. juli 2016
- ↑ Dutchcharts.nl
- ↑ Musiconline.de
- ↑ Irishcharts.ie
- ↑ Charts.org.nz, arkivert frå originalen 8. mai 2008, henta 24. juli 2016
- ↑ Swisscharts.com
- ↑ Chartstats.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisielle YouTube-videoar: musikkvideo, musikkvideo (VEVO)
- Tekst på den offisielle nettsida til Queen