Friends av The Beach Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Friends
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 24. juni 1968
Innspelt Februar til april 1968
Sjanger Pop, Rock, eksperimentell rock, folkemusikk, klassisk musikk, bossanova
Lengd 25:30
Selskap Capitol
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi
Wild Honey
(1967)
Friends Stack-O-Tracks
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
MusicHound3/5[4]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]

Friends er det fjortande studioalbumet til The Beach Boys, gjeven ut i 1968.

Arbeidet på albumet kom i gang i februar 1968 og Mike Love reiste like etter på ei to veker lang reise til India (i lag med The Beatles og Donovan) for å studere transcendental meditasjon med den nye læremeisteren deira Maharishi Mahesh Yogi. Då han var borte spelte resten av bandet, Brian Wilson, Dennis Wilson, Carl Wilson, Al Jardine og - no eit offisielt medlem - Bruce Johnston inn det meste av Friends i lag med nokre musikarar frå The Wrecking Crew.

Friends var det første Beach Boys-album med fleire songar frå Dennis Wilson, «Little Bird» og «Be Still»; førstnemnde hadde eit mellomspel med element frå «Child Is The Father Of The Man», ein song frå det då skrinlagte albumet Smile. Sjølv om heile bandet er tilskriven produksjonen av albumet, var dette det siste albumet der Brian Wilson var den dominerande kreative drivkrafta før Love You i 1977. Han var medlåtskrivar på nesten alle songane, bortsett frå dei den yngre broren skreiv.

I midten av mars kom Mike Love tilbake frå India og medverka med vokal på albumet. The Beach Boys la så ut på to amerikanske turnear, ein med Strawberry Alarm Clock og ein annan med Maharishi Mahesh Yogi sjølv (som læremeister). Begge turneane var kommersielle fiaskoar og vart raskt kansellert (etter at berre 200 menneske møtte opp i New York City).

Albumet var det første til Beach Boys som berre vart gjeven ut i stereo og kom ut i juni 1968. Det nådde berre 126. plass på den amerikanske albumlista og indikerte at tida deira var forbi i heimlandet. I Storbritannia nådde derimot albumet 13. plass.

Friends finst i dag på CD i lag med 20/20, samt bonusspor frå denne perioden.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Meant for You» (Brian Wilson, Mike Love)Mike Love0:38
2.«Friends» (Brian Wilson/Carl Wilson/Dennis Wilson/Al Jardine)Carl Wilson2:30
3.«Wake the World» (Brian Wilson/Al Jardine)Brian Wilson og Carl Wilson1:26
4.«Be Here in the Mornin'» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Dennis Wilson/Al Jardine)Alan Jardine [rask], Brian Wilson og Carl Wilson2:16
5.«When a Man Needs a Woman» (Brian Wilson/Dennis Wilson/Carl Wilson/Al Jardine/Steve Korthof/Jon Parks)Brian Wilson2:06
6.«Passing By» (Brian Wilson)Brian Wilson og Al Jardine2:23
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Anna Lee, the Healer» (Brian Wilson/Mike Love)Mike Love1:51
8.«Little Bird» (Dennis Wilson/Steve Kalinich/Brian Wilson)Dennis Wilson1:57
9.«Be Still» (Dennis Wilson)Dennis Wilson/Steve Kalinich1:22
10.«Busy Doin' Nothin'» (Brian Wilson)Brian Wilson3:04
11.«Diamond Head» (Al Vescovo/Lyle Ritz/Jim Ackley/Brian Wilson)Instrumental3:37
12.«Transcendental Meditation» (Brian Wilson/Mike Love/Al Jardine)Brian Wilson og Alan Jardine1:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beach Boys
Adnre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Britiske album (OCC)[9] 13
US Billboard 200[10] 126

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Friends (The Beach Boys album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Friends/20/20 CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. Unterberger, Richie. «Friends». AllMusic. 
  2. Wolk, Douglas (2004). «Friends/20/20». Blender. Arkivert frå originalen June 30, 2006. 
  3. Larkin 2006, s. 478.
  4. Graff & Durchholz 1999, s. 83.
  5. Fine 2004, s. 46.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Leaf, David (1990). Friends / 20/20 (CD Liner). The Beach Boys. Capitol Records. 
  7. Chidester, Brian (March 7, 2014). «Busy Doin' Somethin': Uncovering Brian Wilson's Lost Bedroom Tapes». Paste. Henta 6. mars 2018. 
  8. Wilson & Greenman 2016, s. 153.
  9. "The Beach Boys | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 6. mars 2018.
  10. "The Beach Boys Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Beach Boys. Prometheus Global Media. Henta 6. mars 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]