Frigjeringa av Aust-Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppslag i svensk avis 17. januar 1945.

Frigjeringa av Aust-Finnmark frå tysk okkupasjon fann stad hausten 1944, etter at sovjetiske soldatar kom til Bjørnevatn 25. oktober 1944. I resten av Troms og Finnmark kom frigjeringa først 8. mai 1945. Etter tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms vart resten av Finnmark og Nord-Troms i stor grad verande i ingenmannsland, delvis under tysk kontroll. Den norske regjeringa i London etablerte allereie i november 1944 kontakt med sivile styresmakter i Aust-Finnmark. Ifølgje fylkesmannen Peder Holt hadde det ikkje vore problem å samarbeida med dei russiske soldatane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser Wehrmacht si tilbaketrekking under Lapplandskrigen sumaren 1944 då tre tyske armékorps måtte gjera retrett frå Finland til Noreg. Tyskarane trekte seg i løpet av hausten tilbake til områda sør og vest for Lyngen og øydela alt som låg austom for å hindra fienden frå å rykka fram.

Våren 1944 hadde sovjetiske styrkar overtaket ved fronten mot Finland og USA pressa på for at Finland skulle innleia fredsforhandlingar med Sovjetunionen. Sovjetiske styrkar innleidde eit stort angrep på den finske fronten 9. juni 1944 og erobra Det karelske neset og Viborg. Mannerheim vart 4. august vald til president og 4. september var det våpenkvile. Tyskland var førebudd på at Finland ville gje opp og hadde planar for tilbaketrekking frå Lappland og Finnmark. Den tysk-finske alliansen opphøyrde 2. september og Finland var ifølgje fredsvilkåra med Sovjetunionen forplikta til å sørgja for at alle tyske styrkar hadde forlate landet innan 15. september. Etter kampar mellom tyske og finske styrkar ved Torneå og Rovaniemi trekte dei tyske styrkane seg unna. Hitler godkjende 3. oktober Operasjon Nordlicht og tilbaketrekkingea frå finsk Lappland byrja midt i oktober. Tilbaketrekkingane skjedde via Ivalo-Karasjok og Karesuando-Skibotn.[1]

Etter landgangen i Normandie i juni 1944 frykta Tyskland at dei allierte kunne setja inn sjøstridskrefter mot Nord-Noreg. Kystforsvaret i Finnmark vart difor halde operativt så lenge som mogleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gamst, Thorbein (1984). Finnmark under hakekorset: "Festung Finnmark". Arendal: Agdin. ISBN 8273600009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]