Frihetskorsets orden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
mini

Frihetskorsets orden til (finsk: Vapaudenristin ritarikunta) er ein er finsk militær orden. Den vart innstifta ¨4. mars 1918 etter initiativ av forsvarssjef og øvstkommanderande Carl Gustaf Mannerheim. Frihetskorsets orden er Finlands fornemste orden. Øvstkommanderande for Finlands forsvar er Ordenens stormeister.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ved innstiftelsen hadde Frihetskorsets O***rden fem trinn, der storkorset var øvste grad, etterfulgt av fire ordinære ordensklasser. Opphavleg var ordenen supplert med Fridomsmedaljen i to valørar. Dette er seinare omgjord slik at Frihetskorsets Orden no har seks trinn og to med medaljer, kvar med to trin:

Dei to medaljane er Fridomsmedaljen og Fridomskrossens fortjenstmedalje. Begge er inndelt i to gradar, der den øvste kallast 1. klasse og den nedste 2. klasse. Vidare vart det den 22. juli 1941 innstifta eit Mannerheimkors til belønning for særskild tapperhet og dugleik i leiing av krigsoperasjonar.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensinsignia for Frihetskorsets Orden er utforma av kunstnaren Akseli Gallen-Kallela.

Ordensteiknet for Frihetskorsets Orden består av eit georgskors belagd med eit hakekors i gull eller sølv og ei kvit rose i midten. Krossets farge avheng av grad og status. For tredje og fjerde grad er krossa svarte for militære, blå for sivile. For høgare gradar er krossa hvitemaljert. Krossen er opphengt i band i ein krans. Når ordenen tildelast for militære fortenester er kransen pryda av eit motiv henta frå Karelens heraldiske våpen: to pansra armar med høvesvis sverd og krumsabel.

Ordensstjerna for Frihetskorsets Orden er i sølv og er i midten belagt med ei heraldisk rose over eit hakekors, det heile på svart medaljong. Medaljongen har er omgjeven av eit raudt band der innskriften «Isänmaan puolesta» («for fedrelandet») er skrive med gullbokstavar. Ordensstjerna varierer i storleik etter grad. Ved tildeling til militære er ordensstjerna belagt med korslagde sverd.

Ordensbandet er raudt med smale kvite striper for tildelinger i krigstid, gult med raude striper for tildelinger i fredstid.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Frihetskorsets Orden vart innstiftet til belønning av militær innsats under fridomskrigen i 1918. Ordenen kunne opphavleg berre tildelast i krigstid og tildeling av Frihetskorsets Orden opphøyrde i februar 1919. Den vart seinare fornya for å løna innsats i Vinterkrigen og vart frå 16. desember 1940 gjord permanent. Frihetskorsets Orden kan no tildelast både i krigstid og i fred. I fredstid vert Frihetskorsets Orden tildelt svært sjeldan.

Frihetskorsets Orden kan tildelast både offiserar og menige for fortjenstfull militær innsats. Den kan òg tildelast sivile som har ytt særleg fortjenstfull innsats for Finlands forsvar. Frihetskorsets Orden kan tildelast finske, såvel som utanlandske borgarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Matti Klinga: «Ordensväsendet i Finland», i John Strömberg, Jussi Nuorteva & Christina Forssell (red.): Valtio palkitsee. Staten belönar, Helsingfors: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2007, s. 119–127.
  • Tukka Talvio: «Finlands riddarordnar och deras tecken», i John Strömberg, Jussi Nuorteva & Christina Forssell (red.): Valtio palkitsee. Staten belönar, Helsingfors: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2007, s. 129–139.
  • Juha E. Tetri: «Krigstidens utmärkelsetecken», i John Strömberg, Jussi Nuorteva & Christina Forssell (red.): Valtio palkitsee. Staten belönar, Helsingfors: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2007, s. 185–207.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]