Friidrettsutøvaren Chris Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Brown


Statsborgarskap Bahamas
Fødd 15. oktober 1978 (45 år)
Eleuthera
Idrett friidrett, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006, Sommar-OL 2016

Christopher Deon Brown (fødd 15. august 1978) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas, spesialist på 400 meter. Han vann åtte VM-/OL-medaljar med Bahamas sitt lag i 4 x 400 meter stafett, gullmedaljen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton og under Sommar-OL 2012 i London. Brown sin personlege rekord på 44,40 sekund er frå Bislett stadion i Oslo 6. juni 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Brown fekk si fyrste OL-medalje ved Friidrett under Sommar-OL 2000 dei olympisk leikane i Sydney, ein bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Året etter vart han verdsmeister for Bahamas, etter at USA sitt lag fleire år i ettertid fekk annullert prestasjonen sin. Deretter sanka Brown og Bahamas stafettsølv i tre verdsmeisterskap i rad: 2003, 2005, 2007. Også i Sommar-OL 2008 vann Bahamas sølv i 4 x 400 m stafett. I dei neste sommarleikane, i London 2012, vart Brown olympisk stafettmeister. Han avslutta med stafett-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.

Trass i at Brown tilhøyrde verdseliten på 400 meter i ei ti års tid, lukkast han aldri å vinne ein medalje i dei aller største internasjonale tevlingane. Han enda opp som fjerdemann i 400-meterfinalen både ved VM 2005 i Helsinki, VM i friidrett 2007 i Osaka, samt OL 2008 i Beijing. Nærast medalje kom han i Beijing, der han var fire hundredels sekund for seint i mål. Året etter vart han femtemann på distansen i VM 2009 i Berlin. Også i London OL 2012 sprang Brown inn til fjerdeplassen på 400 m. Derimot lukkast han vinne 400-meteren ved hall-VM 2010 i Doha, ei tevling med langt tynnare deltaking enn i ordinære utandørsmeisterskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]