Frikyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frikyrkjer er protestantiske kyrkjesamfunn som er uavhengige av statsmakta, i motsetnad til Den norske kyrkja, som er ei statskyrkje.

Dei første frikyrkjene vart grunnlagde på slutten av 1500-talet, i sluttfasen av reformasjonen. Med Bibelen og Den heilage ande som autoritetar som stod over pavemakta, opna reformasjonen for etablering av ei rad kyrkjesamfunn. Religionsfridomen var likevel avgrensa i dei fleste landa som var omfatta av reformasjonen. Medlemmer av frikyrkjene valde derfor ofte å utvandre til Amerika.

I Noreg vart det lovleg å organisere frikyrkjer då Dissentarlova vart vedteken i 1845, og Venesamfunnet (Kvekarane) vart godkjent som eit frittståande kristent kyrkjesamfunn. I 1877 vart Den Evangelisk Lutherske Frikirke (ofte kalla frikyrkja) etablert som ein reaksjon på statens innblanding i norsk kyrkjeliv. I Noreg får frikyrkjer no økonomisk stønad frå stat og kommune, på line med Den norske kyrkja.

Andre frikyrkjer i Noreg er

Dei fleste frikyrkjene er medlem i Norges Kristne Råd.