Friluftsklubben i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friluftsklubbens merke

Friluftsklubben i Oslo er ei foreining til fremme av frilufsliv. Klubben arrangerer turar som er opne for alle. Dei fleste turane er dagsturar i skogane rundt hovudstaden. Det blir også arrangert lengre turar i andre område som Skrimfjell, Sunnmørsalpane, Rondane og Jotunheimen. Turar går heile året og nær kvar helg. Friluftsklubben har også hyttedrift. Friluftsklubben er ein upolitisk og sjølvstendig organisasjon og er ikkje tilslutta Skiforeningen eller Den Norske Turistforening. Klubben gjev ut bladet "Friluft". Foreininga mottar inga offentleg stønad. I motsetning til Den Norske Turistforening og Skiforeningen blir Friluftsklubben drive heilt på dugnad.

Medlemsmøte[endre | endre wikiteksten]

Til medlemsmøta i klubben blir det ofte invitert foredragsholdere som snakkar om ulike aspekt ved friluftsliv, også utover Nordmarka. Ein har hatt foredrag om bestiging av Kilimanjaro, Arne Hjeltnes har halde foredrag om Gutta på tur og Ragnar Lien "prikken" har fortalt om skitur til Nordpolen.

Hytter[endre | endre wikiteksten]

Friluftsklubben driv desse hyttene i Oslomarka:

  • Solstua turisthytte, på Krokskogen, like ved Kleivstua. Solstua tilbyr berre overnatting.
  • Sellanrå turisthytte, i "Maridalsalpene", nær Tømte. Sellanrå er den einaste sjølvbetjente turisthytta i Oslomarka.

Friliuftsklubben driv òg vaffelserveringa på Smedmyrkoia i skisesongen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Friluftsklubben har sitt utspring i "Ungdomsgruppa" i Oslo og omegn turistforening (OOT). Ungdomsgruppa hadde ei øvre aldersgrense og medlemmer som passerte denne grensa etablerte den eksklusive foreininga "U+". U+ blei lagt ned og Friluftsklubben blei stifta 5. juni 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]