Friluftsmåleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Claude Monet målar i skogkanten'. 1885. John Singer Sargent. oljemåleri. 54.0 x 64.8 cm. Tate Gallery, London.

Friluftsmåleri (fransk en plein air, engelsk alfresco) er ein målemetode som går ut på å laga eit måleri utandørs, i motsetnad til studio- (atelier-)måleri der berre eventuelle skisser blir gjort på staden.[1]

Kunstnarar har til alle tider arbeidd utandørs når det fall seg slik, men frå midten av 1800-talet blei det viktig å bruka det naturlege lyset, slik både Barbizon-skolen og impresjonistane meinte. Utviklinga av tubar til oppbevaring av fargar var eit medverkande moment, sidan det sparte kunstnarane for det daglege førebuingsarbeidet med å blanda pigment og bindemiddel (linolje) for kvar enkelt farge før arbeidet kunne starta.

I same periode blei det òg utvikla kombinerte fargeskrin og staffeli. Variantar av dette er framleis populære blant dagens friluftsmålarar.

Det å måla utandørs førte til at fleire kunstnarar blei merksame på lysforhold og fargepåverknad frå omgjevnadane. Sidan mange av dei store kunstskulane låg i bystrøk, kan «akademibrunt» skyldast at det innfallande lyset reflektert frå nabolaget og inn vindauga ikkje gav moglegheit til å sjå fargetonar slik sollyset ute gjorde. Eit drømmeatelier i dag vil derfor vera prega av ønsket om at det innfallande lyset kjem frå nord, helst gjennom eit takvindu/overlysvindauge.

Visse stader blei etterkvart meir populære blant kunstnarar på grunn av særeigne lysforhold (og brukbare buforhold), som Fleskum i indre Telemark (Henrik Sørensen m. fl.) og Jæren i Noreg, Skagen i Danmark, saman med kyststrøk frå Nordsjøen til Middelhavet. Mange stader etablerte det seg kunstnarkoloniar og malarskular med friluftsmåleri som tema.

Den nordiske vinteren var eit problem, som Theodor Kittelsen løyste ved å få laga eit berbart segldukshus med omn og store vindauge som han fekk bore rundt i terrenget rundt Lauvlia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. R. Broby-Johansen: Kunstordbok Tiden 1970